mandag 21. mai 2012

Vår 17.mai :-)




3 stk som er rimeleg klare for 17.mai feiring :-) Dei to eldste har eg sydd bunadar til og minstemann har bunad som farmora sydde til onkelen då han var liten.




Andreas gjekk i tog i lag med klassen, og dei bytta på å bere fana.




Leikar høyrer med på 17.mai :-)




Magnus :-)




Andreas i farta :-)


Vart visst ikkje eit einaste bilde av is-eting, men det vart det ;-) i massevis...

onsdag 16. mai 2012

Bunadsvest til Andreas


Måtte sy ny vest til Andreas i år, den gamle hadde blitt litt vel kort, men nikkersen han hadde frå før held eit år til ;-)

Synst ikkje den vart så verst :-) Sydd i twill for at den skal vere enkel å vaske ;-)

Her er bunadane eg sydde til Andreas og Nora for 4 år sidan, og som heldt heilt til i fjor ;-)

mandag 14. mai 2012

Bunad til Nora :-)


Nesten ferdig med bunaden til Nora :-)

Den forrige bunaden eg sydde til ho brukte ho frå ho var 8 mnd. til ho var 4 år, og eg trur den her vil vare minst like lenge ;-) Med litt ekstra å legge ut på skuldrane og i sidene på vesten + nede på vesten, og med 4 legg på skjørtet, skulle den halde ei stund :-)

Forkleet hadde mamma då ho var liten, og banda nede på bunaden er frå ein gammal sunnfjordbunad.

Mønster:
Eige

Materiale:
Twill frå stoff & stil (lett å vaske ;-) )

Størrelse:
5 år til ?


onsdag 2. mai 2012

"Ny" lampe



Ein gammal lampefot har blitt fiksa litt på :-) Mannen fekk i oppdrag å spraye den kvit. Og så har den fått ny lampeskjerm frå Bohus. Synst den vart ganske fin eg :-) No er den plassert på soverommet som nattlampe på den nye hylla over senga, men er ikkje heilt sikker på om det er der den skal bo...




Lakken sprakk litt opp, men hadde ikkje tid til å vente lenger ;-) Fint mønster var det no på lampen i alle fall :-)




Og med lys i... Det kvite ein ser til høgre i bildet er faktisk eit GARDEROBESKAP!! Vi har endeleg fått oss skap på soverommet, måtte berre bo her i 8-9 mnd først... Men har ikkje hatt tid til å pakke skikkeleg inn i dei endå då...Ting Tar Tid ;-) men det blir...

tirsdag 1. mai 2012

2 stk legoposar

 

sydd på bestilling, og klare til å sendast i posten :-) Den lyseblå kanten er forresten ein ny farge, synst den vart ganske fin :-)

Mønster:
Eige

Materiale:
Dongeri
Skråband
Snor
Maljer

Størrelse:
Begge ca.110 cm i diameter