tirsdag 29. desember 2009

Litt småplukk...

Ungane har mala vattkuler, og så er dei rulla i glitter etterpå. Har tatt ut pinnane og festa band i dei. Så har dei gitt i julegåver, fine på juletreet, eller i lampen vår som på bildet under...
Pynting av peparkakehus :-)

Julegåve - PC-trekk

1 stk pc-trekk. Er sydd etter mål, men den som er inni på bildet er litt mindre enn den som eigentleg skal vere inni, så det ser litt romsleg ut. Eige mønster.

Julegåver - Ullsokkar

2 par ullsokkar i selbumønster. Strikka i motsatte fargar. Strikka 2 par i grått og, men rakk visst ikkje å ta bilde av dei før dei vart pakka inn...

Herresokk og liiiten damesokk...

Julegåver - Gryteklutar

Sett med ein gryteklut og ein vott. Tegna mønsteret sjølv, synst dei blei ganske ok...

Julegåver - Risposar

Sydde nokre risposar og ga vekk til jul. Er fylt med vanleg jasminris, og varmast i mikroen i nokre minutt, og så er dei gode og varme og legge på t.d. nakken :-) Sydde 4 stk, men gjekk litt fort med julegåvene, så eg gløymde å ta bilde av 1...

Votte-julegåver

Blei totalt 7 par vottar i ullfilt. Gode og varme trur eg (har ikkje prøvd dei ute sjølv...) Sydd etter "Tilda"-mønster


fredag 11. desember 2009

Vottar

Eg har sydd litt i det siste, sjølv om det ikkje ser sånn ut her...men kan jo ikkje legge ut bilder av julegåver før dei som skal ha dei har fått gåvene...
Men her er i alle fall eit par vottar eg sydde til julekalenderen på jobb. Er sydd etter "Tilda"-mønster, og er i ullfilt. Varme og gode :-)

torsdag 12. november 2009

Fleire vesker

Her er 3 av 4 vesker sydd på bestilling. Sydd i brunt grovt stoff med velour-trykk på og svart kraftig bomull øverst og på hanken. Inni er dei fora med litt forskjellige stoff... Fekk ikkje tatt bilde av alle 4 i lag, for den eine vart henta i går kveld og den siste vart ferdig i dag...

onsdag 14. oktober 2009

Ein brødpose til :-)

I sommar var eg på skattejakt i huset til Besta og Bestefar. Fann diverse stoff :-) Og den brødposen her er sydd av eit gammalt dynetrekk og brun lin.

tirsdag 13. oktober 2009

Brødpose

Har sydd ein brødpose i dag. Og den skal eg gi vekk i gave :-) Sydd i brun lin og beige halvpanama.

veske...

Veske sydd på bestilling. Mønstra halvpanama, svart kraftig bomull øverst og i hanken, fora med brunt retrosengesett (som eg gløymde å ta bilde av) og ein trykknapp i perlemor.

søndag 27. september 2009

Raude elefantar...

Har endeleg fått sydd pysjar til Andreas og Nora! Kjøpte elefant-stoffet i mai... Blei 2 stk todelte pysjar ein i str 92 og ein i str 110. Romslege og gode og mjuke og 2 stk fornøgde ungar :-)

onsdag 23. september 2009

Veske

Nok ei veske. Sydd i lys rosa lin, og brun lin øverst og på hanken. Fora med eit brunt retrosengesett frå skapet til mamma og pappa.

søndag 20. september 2009

Veske nr. 20!

Har i dag sydd veske nr. 20 :-) Har blitt litt lite sying i det siste, har vore mykje besøk og mykje jobbing, så då har det blitt lite tid til andre ting... Den her er i lilla halvpanama og svart kraftig bomull, og fora med eit gult stoff inni. Håpar den som skal ha den blir fornøgd :-) *solgt*

torsdag 3. september 2009

Veske

Haustveske sydd på bestilling. Brunt kraftig stoff med blomstertrykk i velour, svart halvpanama oppe, fora med raudt bomullsstoff, og lang hank.

torsdag 27. august 2009

Veske

Veske med handtak i bambus. Sydd av halvpanama, og gul/orange bomullsstoff som for. Lommer inni og trykknapp til å halde den saman... *Solgt*

mandag 17. august 2009

"Lynet"

Blå bukse i velour til Andreas. Mjuk og god :-) Med Lynet McQueen strykemerke frå H&M, Andreas fekk velge det sjølv. Var veldig stas å prøve buksa :-) Den var litt stor i livet, så måtte ta igjen etter han hadde lagt seg og lage den litt mindre... Så no kryssar eg fingrane for at den passar i morgon tidleg når han skal ha den på i barnehagen :-)

søndag 16. august 2009

PC-trekk

PC-trekk sydd på bestilling. Lilla mønstra bomull på ei side (kjøpt på Åhlens for lenge sidan) og gult retro-sengesett på andre sida. Fora med platevatt. Og strikk til å halde den saman...

torsdag 13. august 2009

PC-trekk

Fått bestilling på pc-trekk, så då måtte eg sy eit til meg sjølv for å teste først...Vart ein del knot før eg fekk det sånn som eg ville, men resultatet vart bra :-)

Sydd av stoff frå 2 gamle dynetrekk, eitt frå Bestemor og Bestefar (det grøne), og eit frå Mamma og Pappa (det gule). Kan brukast på begge sider, strikk til å halde det saman...


Nett på bestilling

Nett sydd i dongeri på ei side, og grøn halvpanama på andre sida. Kanta med skråband. Nettet kan brukast på begge sider. Tatt utgangspunkt i mønster frå stoff og stil, og laga det litt mindre.

tirsdag 11. august 2009

Strikkepinneetui

Eit strikkepinneetui til ei på jobb, ho ville ha eit som ho fann...Så håpar det her er noko ho legg merke til :-) Sydd av raud mønstra bomull, gult retrosengesett og eit tynt satengband til å binde det saman med.

Barselgåve

Slynge i svart bomull og raude ringar frå slingrings
Foldar på skuldra, synst det blir finast.
Og ei smikke...
Her er eit bilde av Nora i slynga mi, når ho var berre 11 dagar :-)
Om nokon vil vite meir om bering, så kan dei gå inn på tettinntil, der er det masse info og bruksanvisningar på alle typar bæredingsar...

Haustveske

Haustveske til ei på jobb. Sydd av svart halvpanama og brun mønstra kraftig bomull.

onsdag 5. august 2009

Solhatt

Hadde med litt stoff og mønster på ferie, så på mamma si gamle symaskin fekk eg sydd ein solhatt til Nora. Rakk det akkurat før vi fekk heile 2 dagar med sol i ferien...Har ikkje vore så mykje sommar på vestlandet når vi har hatt ferie...

Blåbærsylte

Ikkje akkurat sydd eller strikka eller sånt, men heilt heimelaga likevel! Blir godt på pannekakene :-)

mandag 3. august 2009

Blånissar...


Ferie og veldig liten produksjon, og kom over eit bilde frå jula. Andreas og Nora i blånissehuer som eg strikka til dei til jul :-)