lørdag 27. juni 2009

Ny veske til meg :-)

Sydde meg ny sommarveske :-) Vart ganske fornøgd med den her. Stoffet er ei gammal gardin som mamma og pappa har hatt :-)

Brødpose

Brødpose i brun kraftig bomull og naturfarga lin. Sydde ein del sånne og ga vekk til jul.

veske...

Veske i grøn lin og brun mønstra halvpanama, sydde på nokre orange sirklar, men dei viser ikkje så godt på biletet...

Ei sprek ei...

Veske til ei på jobb. Brun lin øverst og orange/gul/raud gardin frå fretex. Vart ganske frisk den her...

lørdag 20. juni 2009

Fleire bestillingsverk...

2 nye vesker er ferdige. Her er eit bilde med ei på, berre for å vise størrelsen... er plass til masse oppi! Er fora, og lommer inni. Tar 250 kr for veskene + evt porto.
Sommarveske til ei på jobb...dei fleste veskene er faktisk sydd til folk på jobb...
Veske som er bestilt for å gi vekk i gave til ei som er frisørlærling. Ho ville gjerne ha med ei saks på, så då vart det det.

fredag 19. juni 2009

Jakke til Nora mi :-)

Jakke sydd av ein gammal duk som ei venninne hadde fått av mormora si. Då ho hadde sydd seg skjørt av duken, fekk eg resten, og det vart ei superfin jakke til Nora :-) Fora med strykeinnlegg frå stoff og stil og raud jersey. Kjøpte berre eit raudt laken, ein billeg måte å få tak i masse stoff :-) Elles er det hette på jakka og perlemorsknappar frå stoff og stil.
Merkelapp må til...
nærbilde av ein perlemorsknapp :-) Trur det er favorittknappen min!

tirsdag 16. juni 2009

Smikker

merkelapp...
Smikker i voksdukliknande stoff, kanta med skråband.

Fleire vesker sydd på bestilling

Grøn lin og mønstra halvpanama frå stoff og stil
Brun lin og mønstra halvpanama frå stoff og stil. Sydde på ei bord med brun tråd på stoffet nede for å ta igjen det brune.
Kvit lin og mønstra halvpanama frå stoff og stil. Lengre hank for å kunne ha den på skrå, og sydde på ei bord med raud tråd for å bryte litt.

Vesker

Veske sydd på bestilling, lilla, mønstra bomull, silke øverst (rest etter eit gammalt putevar)
Søt trykknapp i perlemor frå stoff og stil
og merkelapp...
Veske sydd på bestilling, rosa lin og silke øverst
Veske sydd på bestilling, mønstra retro gardin og blått stoff frå ein kjole kjøpt på fretex.

Nett

Eit par nett eg har sydd som gåver. Mønster frå stoff og stil.

Plass til masse...

17. mai

Andreas og Nora i bunadane eg sydde til dei i fjor.

Veske til meg :-)

Veske til meg sjølv, med plass til masse! Har laga mønsteret sjølv.

søndag 14. juni 2009

Ting til Andreas sitt rom

Laga ein god gammaldags lego-pose, stor runding i dongeri, maljer og raud anorakk-snor.

Sydde nytt telt til Andreas, han ville ha eit grønt...så eg brukte stengene til det gamle han hadde og tok mål av den gamle teltduken. Vart ikkje heilt grønt, men så nær som eg kom...vart sydd i april, og det var utsolgt for grønt, rimeleg stoff i alle butikkar eg var...til og med ikea. Så då vart det berre sånn :-)


Strikkepinneetui




Søte, små og praktiske strikkepinneetui, eit til meg sjølv og eit mamma fekk til bursdagen. Sydde nokre sånne som eg ga vekk til jul og.

Karneval, februar-09

Karneval i barnehagen. Nora som superman, kostyme laga til Andreas då han var omtrent på same alder. Består av supermanbody, blå stillongs, raud truse og raud kappe som er festa med trykknappar på skuldrane, altså veldig enkelt... Andreas ville vere Sauen Shaun, svart stillongs og genser, kvit boxer og trøye, ulldott og øyrer festa på hårbøyel og hale laga av ein ganske stor bit platevatt, festa med strikk rundt livet.

Presang til ei lita Nora


Her er eit sett som eg sydde til ei lita Nora som vart fødd i januar, hua er fora med mjuk og god flannel.