lørdag 30. januar 2010

Puff

Eg har strikka ein puff! 3 dobbel eskimo, 9 nøster i perlestrikk. Det gjekk fort! Den er fylt med ein haug med gamle klede som skulle vore kasta, så vart litt gjenbruk der ;-) Oppskrifta fann eg på Pickles, ei utruleg kjekk side med masse kjekke ting ein enkelt kan lage sjølv :-) Og dei har mange forskjellige puffar, så trur eg må prøve meg på ein til...
Her er det Andreas som prøver den ut. Ganske så passeleg barnestørrelse :-)

Kjole til Nora

Fekk omsider sydd ein kjole til Nora. Har brukt 2 retro dynetrekk, har brukt dei før til diverse, så kanskje på tide å finne på nokre nye kombinasjonar ;-) Kjolen er i alle fall i str.92-98, og den er fora.

Nora fekk velge pynt på sjølv, og då ville ho ha den raude soppen. Strykemerke frå Stoff & Stil. Bandet som går rundt kjolen mellom det gule og det grøne stoffet, er eit band eg spretta av ein gammal kjole.
Har trekt knappar sjølv i det grøne stoffet. Var faktisk veldig enkelt! :-)
Nederst sydde eg ein pyntekant med maskina, synst det vart ganske fint.

fredag 15. januar 2010

Oppdatering av prisar...

Har oppdatert prisane litt, ein del som har spurt etter prisar på vottar og risposar. Dåke finn prisane i margen til høgre...

onsdag 13. januar 2010

Legopose

Legopose sydd på bestilling. Sydd av svart dongeri, kanta med turkis skråband, maljer og svart snor.

PC-trekk

PC-trekk sydd på bestilling. Sydd av eit grønt og eit gult retrodynetrekk. Er vendbart. Håpar det passar, eller så får eg berre sy eit nytt...

Hue og skjerf til Nora

Fekk strikka eit sett til Nora når eg var ferdig med alle julegåvene. Strikka i dobbelt garn, oppskrift frå nøstebarn. Pynta med ein liten hekla blomst. Var ei som synst ho vart fin i alle fall :-) og det synst eg og :-)