søndag 29. mai 2011

Feriestrikking


Er på ferie, og ikkje alltid så god internett-tilgang, så har planlagt litt ;-) og plutseleg dukka det innlegget her opp, sjølv om eg ikkje er på nett ;-) Kjekt.

Dei nøsta over her skal bli til ein grøn genser til Andreas :-) same genseren som eg har strikka til Nora på bildet under. Grøn har alltid vore Andreas sin farge, og den han likar best :-) Så no skal eg få brukt opp litt restegarn :-) Som dåke ser, så har eg ikkje komme så langt på genseren endå, får kanskje oppdatere etter ferien med eit bilde av framgangen (om det blir noko då..)..



Her er Nora i sin genser. Du kan sjå fleire bilder av den i det innlegget her

fredag 27. mai 2011

Øyredobbar


Eg har kosa meg litt med å lage øyredobbar :-) Nokre små og nokre litt større. Synst det vart ei fin samling eg :-)





Dei fleste på bilda er til salgs, men har laga dobbelt av nokre sånn at eg har laga nokre til meg sjølv og ;-)









Dei kvite er laga av eit silkestoff etter eit gammalt putevar, ganske grovt, men ganske kult når metallet skin litt igjennom.





Alle dei her er til salgs :-) Medium til venstre og Små til høgre.



Her er mine kvite :-) og Magnus i bakgrunnen ;-)

Materiale:
Diverse stoffbitar, nokre retrostoff og nokre nye.

Størrelse:
Str. S: ca 1,3 cm
Str. M: ca 1,6 cm

Pris:
Str. S: kr 75,-
Str. M: kr 80,-
+ evt porto

onsdag 25. mai 2011

Ferie-klipping...


Vi er på ein liten mini-ferie. Vi skal jo flytte i løpet av sommaren, og derfor er storebroren på førskuleveke på nye-skulen den veka her. Kjekt og spennande!

Eg har ikkje med symaskin... men eg har med ei pampers-kasse full av stoff og mønster... Så eg har klippt ;-) På bildet over er det 6 stk nett som er klippt ut...



Det stoffet her skal bli til ei t-skjorte til Andreas og ein shorts til Magnus.

Har klippt ut ein del meir, og har fleire prosjekt på gang. Spørsmålet er vel om eg får tid til å sy alt når vi er tilbake i huset vårt ;-)

No skal eg straks hente storebroren på førskulen, og så skal vi kose oss på kafè, berre eg og han :-)

Ha ein fin dag!

torsdag 19. mai 2011

Så fine!!!


Vart dei ikkje fine?

Det her har eg tenkt eg skulle ha gjort ei stund, og haugen med skoesker har blitt større og større... Og endeleg har eg fått gjort det :-)



Under produksjon... Mykje kjekkare å putte ting oppi når boksane blir så fine :-)


Den her er den minste, og den har eg alt planlagt kva eg skal ha oppi, men det får dåke sjå seinare ;-)





Ugler i mosen ;-)



Den her er den eg synst vart minst fin (Nora er sikkert uenig...) men papiret var så tynt, og berre krølla seg, så den vart ikkje så fin... Men kanskje batteria våre kan få lov til å bo oppi der? og lyspærene kanskje?

Materiale:
Skoesker
Diverse papir
Saks og lim...

onsdag 18. mai 2011

Strikkepinneetui


Har sydd eit strikkepinneetui på bestilling. (Mamma som har bestilt for lenge sidan...og no skal vi jo snart vestover, så då var det på tide å få det ferdig...skippertak ;-))

Synst det vart fint eg. Har sydd på eit kvitt band for å skrive nummera på, litt vanskeleg å skrive på det grå stoffet...



Mønster:
Eige

Materiale:
Lin
Bomull

Pris:
200,-

tirsdag 17. mai 2011

17. mai og bunadar...


Håpar alle har hatt ein fin 17.mai! Det har i alle fall vi :-) sjølv om det tok litt av på slutten...etter mykje is, sukkerspinn og kaker ;-)

Bunadane Andreas og Nora har på seg, sydde eg for 3 år sidan, det er altså 4. gongen dei brukar bunadane. Bunaden Magnus har på seg er det Farmor som har sydd for mange år sidan (det høyrer til jakke og).



Fekk ikkje stilt dei opp og tatt fine bilder av dei i år... Her er i alle fall Andreas i sin bunad, vesten er bittelitt kort og buksa er heisa godt opp, så det ikkje blir skille mellom vest og bukse ;-)



Det bildet her var tatt i fjor, FØR vi stressa ut av huset for å gå i tog (eller nokre stressa ut for å gå i tog, og nokre stod igjen heime høggravid og kokte rømmegraut...)



Det bildet her er tatt for 3 år sidan, Andreas er her snart 3 år.



Det bildet her er og tatt for 3 år sidan, og Nora er 8 mnd! Synst det er godt gjort at bunaden passar fremdeles! Men hadde vore litt lur, så det gjekk an å legge ut både i sidene og på skuldrane og nede på vesten, og litt på skjørtet.

Men no er det ikkje meir å legge ut... Så til neste år, må eg nok til å sy nye...


Mønster:
Eige mønster på Nora sin. På Andreas sin hadde eg kjøpt eit mønster.

Materiale:
Trur det er polyester, dama i stoffbutikken anbefalte i alle fall det, så det skulle vere lett å vaske bunadane ;-)

mandag 16. mai 2011

Brødposar


Har sydd nokre brødposar som eg skal gi vekk (ein er gitt vekk allerede)...



Dei kan vrengast, så ein kan velge kva side ein vil ha inn/ut.









Mønster:
Eige

Materiale:
Diverse stoffrestar. Alle har lin på utsida og bomull på innsida.

Superenkle, gode og sunne rundstykker!


Sånne her hadde vi til frokost i går :-) Var ute og reiste forrige helg, og då måtte eg jo kjøpe meg eit blad :-) Vart det danske "Bolig Liv", mykje fint inni der :-) både ting og tang og mat...

Og dei rundstykka her var utruleg praktiske, enkle og gode! (og sunne!) Ein lagar dei om kvelden, og så hevar dei i kjøleskapet om natta, og så tar ein dei ut av kjøleskapet og puttar dei i ovnen, og så ferske rundstykker til frokost! :-)

Så her kjem oppskrifta :-) Veit ikkje om det er heilt lov, men den er jo oversatt til norsk...og litt forandra på oppskrifta, sidan eg ikkje fekk tak i alt...men i alle fall...

GROVE RUNDSTYKKER
12 stk

25 g gjær
2 dl vatn
1 dl skumma kulturmelk
2 ss olje
1 1/2 ts salt
125 g grovt rugmjøl
300 g fullkornskveitemjøl

1 egg til pensling
gresskarkjerner, sesamfrø eller noko anna til å strø på..

1. Rør gjæren ut i vatnet. Tilsett det andre.
2. Elt deigen til den er smidig, og bak ut med ein gong :-)
3.La rundstykka heve i kjøleskapet over natta, dekka med plast.
4. Om morgonen; pensle rundstykka med egg, og strø på frø. Steik i ca. 15 min på 225 grader.
(eg lot dei stå litt på kjøkkenbenken før eg steikte dei, for det hadde visst blitt litt kaldt i kjøleskapet...)

Dei her skal i alle fall eg lage til 17.mai frokosten :-) Til og med ungane likte dei (og dei et ikkje alt...) så lenge eg hugsar å lage nokre utan noko på toppen ;-) "Æ like ikke sånne me steina i ..."

søndag 15. mai 2011

"Knappet og klart" ;-)


Sydde ein vognpose for ei stund sidan, og no har eg endeleg fått sydd på knappane! Vognposen har fungert heilt fint utan og, men når det er litt kaldt, er det jo greit at kanten held seg oppe så det blir lunt og godt oppi posen :-)

Her er link til innlegget der dåke kan lese meir om vognposen :-)



Store kokosknappar frå Stoff & Stil.



Her er kanten bretta opp. Veldig fornøgd med posen. Magnus er alltid varm og god når han har sove ute i posen (og ikkje alt for varm når det er varmt ute heller).



Her er kanten bretta ned. Kan jo vere greit av og til det og :-)

torsdag 12. mai 2011

Nett


Har sydd 2 stk retro-nett :-) Synst dei vart fine!





Sydd i mønstra bomullsstoff frå stoff & stil. Fora med dongeri så dei skal bli litt stødigare, og kanta med skråband.






Mønster:
Eige

Materiale:
Mønstra bomullsstoff frå stoff & stil
Dongeri
Skråband

Størrelse:
Ca. 40 x 50 cm

onsdag 4. mai 2011

Masseproduksjon!


Har sydd 3 stk risposar, 2 på bestilling og ein til eit lite prosjekt...









Mønster:
Eige

Materiale:
Lin, koksgrå
restestoff til for

Størrelse:
Ca. 60 x 15 cm

mandag 2. mai 2011

2 stk legoposar...


Har sydd 2 legoposar på bestilling. Ein stor med grøn kant og marineblå snor, og ein liten med oransje kant og raud snor.





Materiale:
Dongeri
Skråband
Snor
Maljer

Mønster:
Eige

Størrelse:
Stor, ca 130 cm i diameter
Liten, ca 110 cm i diameter

Pris:
Stor, kr 350,-
Liten, kr 300,-