fredag 9. desember 2011

Nellikappelsiner :-)


Eg og ungane hadde litt juleaktivitet her i ettermiddag :-) Koseleg :-) Andreas og Nora var ivrige og stakk inn nellikspiker (skalet på appelsinene var litt tungt å komme gjennom, men gjekk veldig greit når eg stakk hol for dei først ;-) )

Så no heng appelsinene og pyntar opp i stove-vindauget :-)



søndag 4. desember 2011

Dorullnissar :-)


I ettermiddag hadde vi eit lite juleverksted her heime. Og Andreas og Nora har laga desse utruleg flotte dorullnissane ;-) Trur aldri eg har sett så sjarmerande nissar før :-) Nora har laga dei 2 til venstre i bildet, og Andreas har laga dei to til høgre.



fredag 2. desember 2011

Desember :-)


Advent og kalenderen er full av pakkar! Kalenderen laga eg i fjor, litt linstoff, litt filt, og klippe og lime... enkelt og greit :-)

Under er det bilde av kalenderen utan pakkar, fin då og :-) Og dei kvite ringane ser ut som snø på himmelen... Her snør det forresten i dag, masse... Og det er stor stas for ungane :-)







Pakkekalenderen får dei berre opne annakvar dag (minstemann er litt for liten endå), så då har vi laga peparkakekalender som dei får kvar dag, ein til kvar... 72 peparkaker med hol i og tal på, for mat skjønnar minstemann at han skal ha han og ;-)




Håpar dåke får ei fin adventstid!