onsdag 29. februar 2012

Legoposar på bestilling og for salg ;-)


Har visst plutseleg sydd ein haug med legoposar igjen ;-) Hadde 2 stk liggande nesten ferdige, og så fekk eg bestilling på 2 til, så då laga eg ferdig alle når eg først var i gang ;-)

Den gule og den oransje tenkte eg å legge ut på epla i kveld, om dei ikkje forsvinn før det då...




Den her er til salgs!







Den her er til salgs!







Den her er sydd på bestilling.






Den her er og sydd på bestilling :-)



Mønster:
Eige

Materiale:
Dongeri
Skråband
Snor
Maljer

Størrelse:
Ca. 110 cm diameter

Pris:
300 kr + 72 kr porto

fredag 17. februar 2012

Lyslykter


I det siste har eg hekla lyslykter :-) Sånn passeleg arbeid når ein ser på tv, og enkelt å legge frå seg og begynne på igjen :-) Og veldig koseleg med lys i dei på kvelden :-)

søndag 5. februar 2012

Legopose :-)


Ein legopose er klar for å bli sendt avgarde :-) Sydd på bestilling. Marineblå kant og raud snor, akkurat same fargane som i "gamle dagar" ;-) Synst den vart fin eg :-)




Mønster:
Eige

Materiale:
Dongeri
Skråband
Snor
Maljer

Størrelse:
Ca.130 cm i diameter

fredag 3. februar 2012

Tova vottar

Har kommt masse nysnø her no, og det var to fornøgde ungar som for avstad til skule og barnehage med nye blånissevottar i dag :-) (dei har ønska seg sånne sidan desember...og dei har vore nesten ferdig ganske lenge...men tar litt tid å få festa trådar og flette snorer...)

Men i alle fall, så er det gode og varme vottar :-)