mandag 31. januar 2011

Cupcakes :-)

Har prøvd meg på cupcakes :-) Og dei vart gode :-) Det er same deigen på begge to, og så har eg laga to forskjellige toppingar... Vaniljecupcakes med sjokoladekrem øverst, og topping basert på kremost nederst. Og så er det jo litt artigt å få til noko med kakesprøyta :-) Oppskrifter har eg funne på det søte liv, og så har eg lånt frå litt forskjellige :-)


søndag 30. januar 2011

Skjørt til Nora

Har sydd eit skjørt til Nora :-) (og det vart godtatt, sjølv om det ikkje var rosa..)

Mønster:
Ottobre design

Materiale:
Dongeri (Stoff & Stil)
Kroklisser i raud og orange (Stoff & Stil)

Størrelse:
104

mandag 24. januar 2011

2 stk legoposar..

2 stk legoposar sydd på bestilling, og klare for å bli sendt i morgon :-)

Materiale:
Dongeri (Stoff & Stil)
Skråband, marine (Stoff & Stil)
Snor, marine (Stoff & Stil)
Maljer (Biltema)

Mønster:
Eige

Størrelse:
Begge er 130 cm i diameter

søndag 23. januar 2011

Strikkepinneetui

Har sydd eit strikkepinneetui på bestilling.

Praktisk til alle pinnane :-)


Baksida

Materiale:
Halvpanama med fuglar (Stoff & Stil)
Gul/oransje retro sengesett
Silkeband

Mønster:
Eige

fredag 21. januar 2011

Eit lite kjøkken :-)

Vi har hatt eit lite kjøkken-prosjekt her ei stund, ganske lenge eigentleg.. men no trur eg vi er ferdige! Vi har laga ein liten kjøkkenkrok til Nora og Andreas.
Vi har kjøpt inn litt mini-ting, som melk og juice, nokre påleggsboksar har dei fått og. Og Ikea har fått mykje fint kjøkkenutstyr!

Søstrene Grene hadde massevis av fint og veldig billeg papir, så det er brukt til å dekorere diverse små møblar.
Hadde stolar og bord frå IKEA som fekk seg nokre strøk med maling, og så fekk Andreas og Nora velge kva fargar dei ville ha på papiret...så den blå er Andreas sin og den rosa er Nora sin..

Kjøkkenvask måtte dei ha og, der har vi kjøpt ei hylle på IKEA, felt inn ein stålbolle, og så montert på ein knagg som kran, og så har eg sydd forheng av ei gardin eg kjøpte på loppemarked ein gong.. Og så måtte dei sjølvsagt oppvaskkost og zalo ;-) så no er det oppvasktrening her...

Her er heile kjøkkenet. Vart ikkje så verst, fargerikt og kjekt å leike med!

onsdag 19. januar 2011

Stæsj til syrommet..

Eg har fiksa litt på syrommet/kjellarstova. Så då har strykebrettet fått nytt trekk, og så har eg trekt nokre rammer med det same stoffet og hengt på veggane. Stoffet er frå Stoff & Stil.
veggen er meir lilla enn det ser ut her, men fekk ikkje til å få fargen bra på bildet...

tirsdag 18. januar 2011

Bukse i dongeri til Magnus

I dag har Magnus fått seg ny bukse :-) Har ganske mykje dongeri-restar, så var jo greit å få bruke litt av det. Og så fekk han seg endeleg ei bukse han kan bruke til den knallblå bodyen...



Materiale:
Dongeri (Stoff & Stil)
Skråband ( Stoff & Stil)
Ribb (Stoff & Stil)
"Usynleg" glidelås (Stoff & Stil)

Mønster:
Har tatt utganskpunkt i eit frå Ottobre design, og så har eg forandra ein del på det..

Størrelse:
74

mandag 17. januar 2011

Eit lite monster...

Det er jo så inn med sånne små, rare monster... Så eg har prøvd meg på eit eg og.. Magnus synst i alle fall det var finfint å pelle på :-) Nokre antenner og ein merkelapp å pelle på, armar og bein er jo fine å putte i munnen, og så er det lyd når han ristar på den...

tirsdag 11. januar 2011

Masseproduksjon..

Før jul, og i løpet av jula, hopa det seg litt opp med bestillingar.. Så no har eg sydd 6 stk legoposar. 3 store og 3 små. Og ein av dei var til oss sjølve (har omsider fått sydd den posen til duploklossane...)


Vart tatt i bruk når ungane kom heim frå barnehagen :-) greit at den låg klar på golvet når vi kom inn døra, så fekk eg lage middag i fred ;-)

tirsdag 4. januar 2011

T-skjorte til Nora :-)

Sydde ny t-skjorte til Nora før jul, men har visst ikkje blogga den før no.. og actionbilde hadde eg visst ikkje...
Materiale:
Ein tunika eg kjøpte på salg for lenge sidan, men som aldri har passa heilt ;-)

Mønster:
Det vanlege, Ottobre sitt..

Størrelse:
3-4 år