onsdag 16. november 2011

Magnus-rommet


Magnus har og fått eige rom, eit bittelite eit. Halve rommet vart slått saman med badet, sånn at vi fekk eit større bad. Og det gjorde at Magnus sitt rom vart langt og smalt... sånn akkurat plass til ei barneseng på tvers. Det her blir ikkje noko leikerom, er mykje hyller og oppbevaring her inne, og så må vi gå gjennom vårt rom for å komme dit. Men han har i alle fall fått sitt eige rom :-)




gul tapet på veggane, frå missprint. Synst mønsteret minnar litt om hårspennene til Lola i "Charlie & Lola" (veldig fine bøker og barne-tv :-) )




Bruskassen med papir er foreløpig plassert på Magnus sitt rom. Kommoden er malt og har fått ein elefant-knott frå Ting.



tirsdag 15. november 2011

Maarud...


Den gamle bruskassen her stod i huset når vi flytta inn i sommar. Ungane fekk kostar og såpevatn, og den vart skikkeleg skrubba og reingjort, og så har den stått lenge... Men no har tapet og papir fått flytta inn i den :-) Passar heilt perfekt til å oppbevare sånne ting i, rullane held seg fint på plass nedi hola til flaskene :-)

fredag 11. november 2011

Nora-rommet



Kjøkkenkroken har fått plass på Nora sitt rom. Så no går det an å både lage mat og vaske opp der :-)

Og Trudi frå Paris ligg i dukkesenga.




Eit lite bord må ein ha og, til å servere maten på.




Og om ein skal ut på handletur, så kan ein jo bruke den trilla her :-) (den hadde eg når eg var liten, arva etter søskenbarn i Danmark).




Uff, det her var visst eit skikkeleg dårleg bilde, dårleg lys oppå rommet der (det er ein grunn til at det ikkje er bilde av taklampen...). Men i alle fall her er senga, med sommarfugl-uro over, og tavle til å henge ting på.

Tapeten er forresten original retro, vi har ikkje gjort noko på det rommet her, så det er akkurat som det var når vi flytta inn. Passa jo perfekt til ei lita prinsesse :-)







Vi har plass til gjestar og :-) og sjølv om eg seier det er travelt her, så er det berre koseleg med besøk innimellom :-)

Dukkehuset har Nora arva.




Og den fiiine dukkevogna som eg FEKK etter å ha satt inn ei annonse på Roteloftet i Adresseavisa :-) var med trekk til å ha over og. Simo frå 1969 ca.






onsdag 9. november 2011

Slynge :-)


Eg har sydd ei slynge som har blitt gitt vekk i barselgåve :-) Men her er det Magnus som har fått prøve den. Slynge er eigentleg ein veldig praktisk bere-ting, enkel og rask å bruke om du berre skal bere litt, og så har du hendene fri :-)







Det har blitt sydd nokre slynger oppgjennom... Her er Magnus ganske ny mellom 2 og 3 veker trur eg...




Og her er han litt større, ca. 5 mnd.

instruksjonar og info finn du på tettinntil



Mønster:
Eige