torsdag 27. august 2009

Veske

Veske med handtak i bambus. Sydd av halvpanama, og gul/orange bomullsstoff som for. Lommer inni og trykknapp til å halde den saman... *Solgt*

mandag 17. august 2009

"Lynet"

Blå bukse i velour til Andreas. Mjuk og god :-) Med Lynet McQueen strykemerke frå H&M, Andreas fekk velge det sjølv. Var veldig stas å prøve buksa :-) Den var litt stor i livet, så måtte ta igjen etter han hadde lagt seg og lage den litt mindre... Så no kryssar eg fingrane for at den passar i morgon tidleg når han skal ha den på i barnehagen :-)

søndag 16. august 2009

PC-trekk

PC-trekk sydd på bestilling. Lilla mønstra bomull på ei side (kjøpt på Åhlens for lenge sidan) og gult retro-sengesett på andre sida. Fora med platevatt. Og strikk til å halde den saman...

torsdag 13. august 2009

PC-trekk

Fått bestilling på pc-trekk, så då måtte eg sy eit til meg sjølv for å teste først...Vart ein del knot før eg fekk det sånn som eg ville, men resultatet vart bra :-)

Sydd av stoff frå 2 gamle dynetrekk, eitt frå Bestemor og Bestefar (det grøne), og eit frå Mamma og Pappa (det gule). Kan brukast på begge sider, strikk til å halde det saman...


Nett på bestilling

Nett sydd i dongeri på ei side, og grøn halvpanama på andre sida. Kanta med skråband. Nettet kan brukast på begge sider. Tatt utgangspunkt i mønster frå stoff og stil, og laga det litt mindre.

tirsdag 11. august 2009

Strikkepinneetui

Eit strikkepinneetui til ei på jobb, ho ville ha eit som ho fann...Så håpar det her er noko ho legg merke til :-) Sydd av raud mønstra bomull, gult retrosengesett og eit tynt satengband til å binde det saman med.

Barselgåve

Slynge i svart bomull og raude ringar frå slingrings
Foldar på skuldra, synst det blir finast.
Og ei smikke...
Her er eit bilde av Nora i slynga mi, når ho var berre 11 dagar :-)
Om nokon vil vite meir om bering, så kan dei gå inn på tettinntil, der er det masse info og bruksanvisningar på alle typar bæredingsar...

Haustveske

Haustveske til ei på jobb. Sydd av svart halvpanama og brun mønstra kraftig bomull.

onsdag 5. august 2009

Solhatt

Hadde med litt stoff og mønster på ferie, så på mamma si gamle symaskin fekk eg sydd ein solhatt til Nora. Rakk det akkurat før vi fekk heile 2 dagar med sol i ferien...Har ikkje vore så mykje sommar på vestlandet når vi har hatt ferie...

Blåbærsylte

Ikkje akkurat sydd eller strikka eller sånt, men heilt heimelaga likevel! Blir godt på pannekakene :-)

mandag 3. august 2009

Blånissar...


Ferie og veldig liten produksjon, og kom over eit bilde frå jula. Andreas og Nora i blånissehuer som eg strikka til dei til jul :-)