mandag 9. desember 2013

Årets nisseproduksjon


I går hadde vi eit lite juleverksted, og ungane fekk male nissar. Kom over ideen på ein bloggerunde ein gong, men hugsar ikkje kvar... Den gjengen her får stå på kommoden i yttergangen vår.




Synst nissane vart artige eg :-) Men gløymde heilt å ta bileter i løpet av malingsprosessen...hadde nok med å passe på at dei lange pinnane ikkje laga malingsflekkar over alt...




Og ein liten gjeng får stå i trappa opp til loftet.




Eit raskt og enkelt prosjekt som alle ungane fekk til (3, 6 og 8 år).

tirsdag 3. desember 2013

Prosjekt hus: veke 48


Det går framover på huset :-) Vindauga begynner å komme på plass. Og snart er det klart for kledning. Den delen av gamlehuset som er til venstre på bildet, skal rivast før husa skal byggast saman.




Nokre vindauger er på plass, og vi har prøvd å opne nokre ;-)




Andreas sitt rom...




Dei store vindauga i spisestove-delen er på plass :-)




Mellom husa, her blir det ein lun uteplass med kveldssol. Og der det går ein mur på tvers kjem det glasskyvedører inn i gangen som skal knyte husa saman




spisestove og kjøkken lengst inne



mandag 2. desember 2013

advent :-)


Sidan ungane får opne pakkekalenderen kvar 3.dag, så har dei brukt å få peparkakekalender i tillegg. Nytt i år er at dei får henge på eit juletre, 3 og 3 peparkaker kvar dag. Og 3 stk som synst det er stas kvar dag :-)