heilt heimelaga
og små kvardagsglimt...
fredag 4. januar 2013
Barnearbeid ;-)
Ein av aktivitetane i julekalenderen var at ungane fekk male på stoff, og dei kosa seg :-) No har eg endeleg fått klippt opp stoffet og sydd rundt kantane, så no har vi fått mange fine nye koppehanddukar i huset :-)
Synst dei vart flotte eg :-)
onsdag 2. januar 2013
Julegåver
I år var det ikkje mange heimelaga julegåver... Men bittelitt vart det... Eg laga gryteunderlag av trekuler. Og så stæsja eg opp nokre fyrstikkøskjer :-)
Og nokre fekk følge av ein koppehandduk (men dei var kjøpte...)
tirsdag 1. januar 2013
Julaftan
Besøk av julenissen :-)
Eg har strikka julekjole til Nora, ferdig på lillejulaftan... Trur vi var fornøgde begge to :-)
Mønsteret er "snurrekjole" frå Pickles
Gutane har fått seg vestar. Måtte få mamma til å strikke dei, sidan eg heldt på med ein viss kjole... Synst dei vart fine :-) Med kvite skjorter og sløyfer til :-)
onsdag 24. oktober 2012
Evighetsprosjektet er ferdig!
Starta på den genseren her i mai i fjor, så det har jammen tatt si tid å bli ferdig med den! Men den var i alle fall ikkje alt for liten ;-)
Litt skeivt på...så halsen ser alt for stor ut.. Men synst genseren vart fin eg :-)
"Bli ferdig då!" Ein som var LITT utålmodig....
Garn frå 123knit.com. Oppskrifta er Nøstebarn sin rullegenser. Og perlemorsknappar frå Stoff & Stil
Fargane passa jo ganske bra i haust :-) og det var jo jammen litt flaks...sidan eg starta på den for 1 1/2 år sidan... ;-)
mandag 22. oktober 2012
Hugs!
To ting som kan vere greit å hugse på no når det er haust /vinter... Og sidan vi lett gløymer det, måtte eg henge opp ein lapp på kjøkkenskapet, over brødboksen ;-) Og vi har faktisk ikkje gløymt av det ein einaste gong etterpå... Men det hjelper vel at ungane har veldig lyst på vitaminbjørn ;-) men dei smattar og synst tran med sitronsmak er veldig godt og... og det er meir enn eg kan forstå (hugselappen gjeld altså ungane...)
torsdag 18. oktober 2012
tirsdag 16. oktober 2012
Stellematte...
Har sydd eit trekk til mini-stellematta vår. Trekket er sydd av grå voksduk frå Stoff & Stil. Stellematta er ei vanleg stellematte frå IKEA, eg berre klippte av dei oppblåsbare kantane, så passa den perfekt oppe på benken.
Stellebordet er flytta ut frå badet...var veldig lite i bruk...og fann ut at det var nok med ein benk, som ein kan sitte på og :-)
søndag 14. oktober 2012
Fleire puter
Har sydd meg to svarte og kvite puter til sofaen.
Stoffet er ei gardin frå IKEA (fanst ikkje i metervare...)
Brukte sidesaumen i gardina på eine kanten av putene, og slo inn nokre trykknappar der til å lukke med.
Likte stoffet :-)
torsdag 20. september 2012
3 stk legoposar...
Har sydd 3 stk legoposar på bestilling. Litt usikker på kva nummer i rekka det er, men trur eg har sydd ein plass mellom 70 og 80 legoposar totalt!
Sidan det er rimeleg travle tider her med vidareutdanning, husbyggingsplanar +++, så har eg funne ut at eg ikkje skal ta på meg å sy fleire på bestilling...i alle fall ikkje før til sommaren, då er eg ferdig med vidareutdanninga, og satsar på masse tid og overskudd ;-)
tirsdag 4. september 2012
Nye puter :-)
Då var det plutseleg haust, og eg måtte ha nokre nye puter i sofaen...
Den her er berre eit putetrekk frå IKEA som er pynta litt på, såg noko liknande i den nyaste katalogen til Stoff & Stil...
Den puta her kjøpte eg på fretex ein gong...
Sydde to blå puter, sydd av ei retro gardin eg kom over i ein eller anna gjenbruksbutikk ein gong
Greit med litt fornyelse til hausten :-)
fredag 31. august 2012
"Nytt" møbel...
Tidleg i sommar var eg på ein gjenbruksstasjon, og der fann eg ein gammal toalettkommode (trur eg det heiter)... Den har fått seg nokre strøk med maling og nye knottar, og er god som ny :-)
Kommoden er malt i fargen "Chi", i superblank maling, er same fargen på veggen, men den er matt.
Nye knottar frå Anne Black, kjøpt på Ting.
Var eigentleg ei lita hylle på, men den var i så dårleg forfatning, at det beste var å berre fjerne den heilt. Derfor blei det to knottar der i staden for, til å henge småting på...
Eg hugsa "før" bilde! Men var visst etter at mannen saga av beina, som var heilt øydelagde... For den her toalettkommoden og ein heil haug med andre små og store ting, betalte eg heile 100 kr. Kan vel seie eg var glad og fornøgd den dagen :-) (fekk blant anna med nattbordet i leikehuset, 2 speglar, diverse småkoppar og kaffikanne til leikehuset+++)
torsdag 30. august 2012
Legoposar...
Har sydd 5 stk legoposar på bestilling...
Legopose ca. 130 cm i diameter, marineblått skråband og raud snor.
Legopose ca.110 cm i diameter, sydd i svart dongeri med raud kant og snor.
2 stk legoposar ca. 130 cm i diameter. Begge med raud kant, men ein med raud snor og ein med marineblå.
Legopose ca. 140 cm i diameter. Med raud snor og kant.
Ser at det har gått veldig mykje i "raude" posar i det siste ;-)
mandag 27. august 2012
Vest til Magnus
Har strika ein vest til Magnus. Blir godt til vinteren :-)
Vesten er strikka etter Nøstebarn si oppskrift, men i staden for ribbestrikk har eg strikka dobbel perlestrikk.
Knappane kjøpte eg i Tallin for nokre år sidan, men har ikkje fått brukt dei før no. Dei er laga av eine..
Garnet er bestilt frå 123knit.com, og er nokså likt nøstebarn sitt garn, men mykje billegare ;-)
Abonner på:
Innlegg (Atom)