fredag 31. august 2012

"Nytt" møbel...


 Tidleg i sommar var eg på ein gjenbruksstasjon, og der fann eg ein gammal toalettkommode (trur eg det heiter)... Den har fått seg nokre strøk med maling og nye knottar, og er god som ny :-)




Kommoden er malt i fargen "Chi", i superblank maling, er same fargen på veggen, men den er matt.




Nye knottar frå Anne Black, kjøpt på Ting.







Var eigentleg ei lita hylle på, men den var i så dårleg forfatning, at det beste var å berre fjerne den heilt. Derfor blei det to knottar der i staden for, til å henge småting på...




Eg hugsa "før" bilde! Men var visst etter at mannen saga av beina, som var heilt øydelagde... For den her toalettkommoden og ein heil haug med andre små og store ting, betalte eg heile 100 kr. Kan vel seie eg var glad og fornøgd den dagen :-) (fekk blant anna med nattbordet i leikehuset, 2 speglar, diverse småkoppar og kaffikanne til leikehuset+++)



torsdag 30. august 2012

Legoposar...

Har sydd 5 stk legoposar på bestilling...


Legopose ca. 130 cm i diameter, marineblått skråband og raud snor.




Legopose ca.110 cm i diameter, sydd i svart dongeri med raud kant og snor.




2 stk legoposar ca. 130 cm i diameter. Begge med raud kant, men ein med raud snor og ein med marineblå.




Legopose ca. 140 cm i diameter. Med raud snor og kant.


Ser at det har gått veldig mykje i "raude" posar i det siste ;-)

mandag 27. august 2012

Vest til Magnus


Har strika ein vest til Magnus. Blir godt til vinteren :-)
Vesten er strikka etter Nøstebarn si oppskrift, men i staden for ribbestrikk har eg strikka dobbel perlestrikk.




Knappane kjøpte eg i Tallin for nokre år sidan, men har ikkje fått brukt dei før no. Dei er laga av eine..



Garnet er bestilt frå 123knit.com, og er nokså likt nøstebarn sitt garn, men mykje billegare ;-)

torsdag 23. august 2012

Legoposar


2 stk legoposar sydd på bestilling. Ein med rosa kanteband og marineblå snor, og ein med marineblått kanteband og raud snor.

onsdag 22. august 2012

Leikehytte :-)


Eit av prosjekta i sommar :-) Ungane har fått seg leikehytte.
Dørmatta må ristast...







Lille speil på veggen der... Fann ein fin liten spegel på gjenbruksstasjonen.




Fann eit gammalt nattbord der og, som har fått eit strøk med maling, nye knottar og litt tapet på toppen... Og fungerer no finfint som kjøkkenbenk i leikehytta.




Kaffikjele og knusekoppar fann eg og på gjenbruksbutikken :-)




Skyer i taket måtte det vere...




Nora serverer kaffi "akkurat sånn som på kafè" :-)
Leikekjøkkenet i plast var eit vi hadde frå før, og får gjere nytten ei stund...Planen er å snekre eit...men må vel ha nokre prosjekt neste sommar og ;-)




Synst det vart eit fint lite hus eg :-)

tirsdag 21. august 2012

2 stk legoposar..


2 legoposar som er sydd på bestilling, og sendt avgarde i dag...

Kan seie at det hopa seg litt opp med bestillingar i løpet av sommaren... Har friveke før studiestart på mandag, så skal prøve å få sydd ein haug med legoposar i løpet av den veka her ;-)

mandag 13. august 2012

Herlege Herdal :-)




I del 2 av ferien var vi på Sunnmøre, og blant anna på Herdalssetra. Ein utruleg fin plass, sånn heilt objektivt ;-) Her er geitene på veg inn for melking...




Magnus :-)




Ungane leikar med båtar i elva, stor stas :-)




"Pe-selet", som vi var så heldige å få låne ei natt. Høyrer til slekta på mamma si side.

Nokre sykla siste stykket opp...




Nora set ved vindauget over "kjøkkensenga", var mykje hestar å sjå på utanfor :-)




Koking av karameller høyrer med når ein er på Herdalen :-)