onsdag 16. oktober 2013

Tøysetopp til Nora


Begynte på ein sommartopp til Nora i sommar. Mønsteret er Pickles sin tøysetopp. Gjekk frykteleg seint å strikke den, usikker på kvifor... Fargane var midt i blinken for Nora, og eg fekk brukt opp litt restegarn i bomull. Frøkna vart i alle fall fornøgd :-)




mandag 14. oktober 2013

Legopose


Forrige helg var vi i navnefest. Og ungane fekk gi vekk ein legopose til søskenbarnet :-)




Så no har ho noko å samle duploen sin i etterkvart.




Ein praktisk pose til lego og duplo. Har sydd ein del sånne for salg tidlegare, men har tatt ein pause då det vart så travelt her. Men kanskje eg begynner igjen ein gong, når eg har litt meir tid og overskudd ;-)