torsdag 29. september 2011

Ugler i skapet


Vi har satt opp billy-hyller på ein heil vegg på spisestua. Men vi har mykje rot...så på det skapet vi har kjøpt dører til, teipa eg fast tapet på insida av glaset. Så slepp eg å sjå på alt rotet (i det skapet i alle fall), og så er det enkelt å fjerne...







her er det litt meir rot med på bildet. Trur vi skal få tak i fleire dører, og så får vi heller prøve å ha litt orden i resten ;-)

Tapeten er forresten frå ferm living. Og kjøpt på Ting i Førde. For det er faktisk litt kule butikkar der og...i alle fall 1... Må seie eg kunne tenkt meg ein tur til Trondheim igjen på besøk snart!


tirsdag 27. september 2011

Vestlandsvêr


Sånn var vêret i går, og eg håpar jammen at det er bedre vêr i morgon, for då skal vi på haustfest i barnehagen. Og såvidt eg har forstått, så skal det foregå delvis utandørs... Så kryssar fingrane for at det blir ein fin fest og eit fint vêr!




Men utsikta kan ein vel ikkje klage på uansett :-)






fredag 23. september 2011

Pusane våre :-)


Vi fekk 2 fine nye familiemedlemmer for ei lita stund sidan :-) Veldig koseleg :-) Dei har fått navna Pusur og Rapunzel. Andreas og Magnus synst det er skikkeleg stas! Og Nora er litt skeptisk, men går litt opp og ned kor skumle ho synst dei er... Ho har vel bestemt seg for at det er Rapunzel ho skal vere venn med, men så skal ho eigentleg vere redd for kattar...så trur ikkje det er heilt enkelt for ho ;-)




Her er Nora skikkeleg tøff! Og TAR på Rapunzel (ho har faktisk hatt ho på fanget EIN gong) ;-) men går seg nok til. Det er i alle fall nokre skikkelege kose-pusar vi har fått oss :-)




Det går jo an å trille på pusen og :-) Med Magnus si gå-vogn..




Fine pusane :-)

onsdag 21. september 2011

Legoposar


For ei stund sidan sydde eg 4 stk legoposar og sendte avgarde. Alle var ca. 130 cm i diameter.




Superkjekke til å oppbevare lego i, og raskt å rydde saman alle klossane etterpå :-)




Alle 4.

Sydd i dongeri, 2 stk er kanta med raudt band og 2 stk med gult band.

Håpar på meir sy-tid snart :-) Har vore veeeeldig lite av det i det siste...



mandag 19. september 2011

Nora 4 år!

Nora har blitt 4 år! Og det har jo blitt feira i massevis, først med familieselskap (det er jo ein av fordelane med å flytte nærmare familien, for då går jo det an :-) ), så vart det feira i barnehagen, og så med barneselskap her heime.

Den rosa bursdagsduken er på plass (den MÅ vere med...). Muffins med rosa glasur, og sjokoladekake med muffins-lys. Kom over dei på søstrene grene for lenge sidan, og så passa det jo så bra sidan det var 4 stk i pakken :-)

Frøkna var i alle fall veldig fornøgd med all feiringa :-) og veldig stas å ha jentene frå barnehagen på besøk :-)