onsdag 27. april 2011

Strikkajakke til Magnus :-)


Brukte påska til å bli ferdig med det prosjektet her (bra det var mykje å sjå på på tv-en ;-)...)
Synst den vart fin til ein liten kjekkas eg :-) Har strikka den rimeleg stor, så den skal halde ei stund (den passa til Nora på 3 1/2 og...)



Daisyar på bolen.



Oppbrett på armane... og ein haug med knappar, trur kanskje det skulle vore litt færre av dei, men eg fulgte jo oppskrift ;-)

Mønster:
Pickles, lazy daisy sett

Materiale:
Royal alpakka frå Dale Garn.
Knappar frå Stoff & Stil

Størrelse:
2 år

mandag 25. april 2011

Slutt på påska...


Då var påska over, og kanskje ein skal begynne å bli litt effektiv igjen ;-) Har vore veldig lite sying i påska, men med masse krim og filmar på tv-en, har det blitt litt strikking... Har eit prosjekt som omsider er ferdig, men må kjøpe knappar i morgon... så det kjem i eit anna innlegg...

Den gjengen over her strikka eg for fleire år sidan, men det er jo ein artig gjeng :-)

lørdag 16. april 2011

Sminkepung..


Har sydd endå ein sminkepung som er for salg.





Mønster:
Eige

Materiale:
Mønstra halvpanama, fora med bomull.

Størrelse:
Ca. 16 x 13 cm og 9 cm brei botn.

Pris:
150,- kr + porto

fredag 15. april 2011

Sminkepung


Har sydd ein sminkepung, og denne er til salgs!



Mønster:
Eige

Materiale:
Dongeri
Mønstra tynn bomull

Størrelse:
Ca. 16 x 13 cm, botn er 9 cm brei, så det er plass til litt oppi ;-)

Pris:
150,- kr + porto

torsdag 14. april 2011

Premien er ferdig!

Endeleg ferdig med premien på give-awayen min, har tatt litt tid, men har no fått gjort det no :-)
Mottakaren ønska gul farge på skråbandet, så då vart det det :-)

Har forresten gått ut igjen i permisjon no. Skal ha 2 mnd med permisjon, og gledar meg veldig til det :-) Skal kose meg masse med Magnus, og sy masse, og nyte våren!

fredag 8. april 2011

Nytt...

Har vore lite nytt på bloggen her i det siste, på grunn av veldig travle tider... Til sommaren skal vi flytte. Så no er det hussalg som står for tur, og i veka som var, har vi vore på Nistad for å pusse opp litt i det nye huset.

Men på tirsdag er det visning, og etter det så skal det bli rooolege tider (for huset vårt skal jo selgast på første visning ;-))

Og på tirsdag går eg og ut igjen i permisjon i eit par mnd :-) Og det skal bli sååå godt! skal jammen kose meg, og sy masse og trille turar :-)

Her er nokre bilder frå det nye huset..

Nora sitt rom skal vere som det er, lilla-rosa, med 70-tallstapet. Perfekt til den lilla-rosa prinsessa ho er :-)


Vårt soverom med originalt 70-tallstapet. Vi har mala veggane, som var lyseblå, så no er dei kvite, og den eine oransje veggen vart mykje finare :-)

Den same tapeten er og på ein liten vegg i gangen, og der har alt det ubehandla panelet blitt mala kvitt.., så det vart ein heilt ny, lys og fin gang :-)


Nora i gangen, ved døra til rommet sitt.


Lampen i yttergangen, var ikkje den fin?


Lampen i gangen nede.



Framsida av huset, med kjøkkenvindauget. Kjøkkenet skal og få litt maling, oransje tak er litt voldsomt.. Stova er bak rododendroen til høgre.


Sida av huset, Nora sitt rom øverst, Magnus sitt rom nede til venstre og vårt rom nede til høgre. Andreas får rom på loftet på andre sida av huset...og der må vi pusse opp heile rommet... gule blomstrer var ikkje det han ønska seg mest...


Og så er det jo ein gard... Og bak den døra her finn vi...


Nokre sånne :-)


Og så er det mange sånne :-) Her er Andreas skikkeleg tøff, og tørr å gå innimellom stekkane ;-)