søndag 27. september 2009

Raude elefantar...

Har endeleg fått sydd pysjar til Andreas og Nora! Kjøpte elefant-stoffet i mai... Blei 2 stk todelte pysjar ein i str 92 og ein i str 110. Romslege og gode og mjuke og 2 stk fornøgde ungar :-)

onsdag 23. september 2009

Veske

Nok ei veske. Sydd i lys rosa lin, og brun lin øverst og på hanken. Fora med eit brunt retrosengesett frå skapet til mamma og pappa.

søndag 20. september 2009

Veske nr. 20!

Har i dag sydd veske nr. 20 :-) Har blitt litt lite sying i det siste, har vore mykje besøk og mykje jobbing, så då har det blitt lite tid til andre ting... Den her er i lilla halvpanama og svart kraftig bomull, og fora med eit gult stoff inni. Håpar den som skal ha den blir fornøgd :-) *solgt*

torsdag 3. september 2009

Veske

Haustveske sydd på bestilling. Brunt kraftig stoff med blomstertrykk i velour, svart halvpanama oppe, fora med raudt bomullsstoff, og lang hank.