Har endeleg fått sydd pysjar til Andreas og Nora! Kjøpte elefant-stoffet i mai... Blei 2 stk todelte pysjar ein i str 92 og ein i str 110. Romslege og gode og mjuke og 2 stk fornøgde ungar :-)
Har i dag sydd veske nr. 20 :-) Har blitt litt lite sying i det siste, har vore mykje besøk og mykje jobbing, så då har det blitt lite tid til andre ting... Den her er i lilla halvpanama og svart kraftig bomull, og fora med eit gult stoff inni. Håpar den som skal ha den blir fornøgd :-) *solgt*