tirsdag 25. februar 2014

Prosjekt hus: Veke 8


Går stadig framover :-) Nærmar seg at kjellaren er ferdig plata no. Dette er gangen nede, til venstre ser ein døra inn til badet, heilt til høgre er døra inn til rommet vårt. Og til høgre for vindauget rett fram, er det dør ut. Golvet her nede er slipt betong (men veldig støvete akkurat no).




Her ser ein gangen andre vegen, der trappa kjem ned. Rommet vårt blir til venstre.




Bortover gangen nede. Soveromma til ungane blir der, badet blir første døra til høgre.




Vårt soverom.




Nora sitt rom. (ho er veldig fornøgd med at ho får vinkel på rommet :-) )




Andreas sitt rom, massevis av vindauger :-)




 Oppe, mot kjøkkenet. Blir høgskap i nisja, og benk under vindauget. Og kjøkkenøy.




Kjøkkenet





Her ser ein der trappa skal gå ned. Heilt til venstre blir ut i gangen som skal komme mellom husa, men det blir ikkje ferdig før vi har flytta inn i den nye delen (skal rive litt av gamlehuset og bygge saman etterpå).




Frå kjøkkenet mot stovedelen.




Meir stove...


Vart visst eit bilderas dette :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar