fredag 5. november 2010

Dress til Magnus :-)

Har omsider fått sydd dress til Magnus, har hatt planar om det ganske lenge...og no er det jo nesten vinter...

Dressen er sydd i blå ullfilt frå Stoff & Stil, fora med grønt retrostoff frå eit gammalt dynetrekk, glidelås i front. Skal få snor i hetta, må berre på ein liten handletur først. Har tatt utgangspunkt i eit mønster frå "barnetøy du selv kan sy", men har forandra ganske mykje på det.

Ribb nederst på armane, og heile føter.
ein liten bamse ;-)
og no er vi klare for bere-tur til vinteren :-)

1 kommentar:

  1. Åååååååå!!!
    For en fantastisk flott dress, Inghild !!!!

    SvarSlett