fredag 21. januar 2011

Eit lite kjøkken :-)

Vi har hatt eit lite kjøkken-prosjekt her ei stund, ganske lenge eigentleg.. men no trur eg vi er ferdige! Vi har laga ein liten kjøkkenkrok til Nora og Andreas.
Vi har kjøpt inn litt mini-ting, som melk og juice, nokre påleggsboksar har dei fått og. Og Ikea har fått mykje fint kjøkkenutstyr!

Søstrene Grene hadde massevis av fint og veldig billeg papir, så det er brukt til å dekorere diverse små møblar.
Hadde stolar og bord frå IKEA som fekk seg nokre strøk med maling, og så fekk Andreas og Nora velge kva fargar dei ville ha på papiret...så den blå er Andreas sin og den rosa er Nora sin..

Kjøkkenvask måtte dei ha og, der har vi kjøpt ei hylle på IKEA, felt inn ein stålbolle, og så montert på ein knagg som kran, og så har eg sydd forheng av ei gardin eg kjøpte på loppemarked ein gong.. Og så måtte dei sjølvsagt oppvaskkost og zalo ;-) så no er det oppvasktrening her...

Her er heile kjøkkenet. Vart ikkje så verst, fargerikt og kjekt å leike med!

7 kommentarer:

  1. Så stilig det vart !!
    Kjempeflott !!
    Det va kjøkkenet sitt det ;)

    SvarSlett
  2. Oi, så fint det ble! Artig for barna med eget kjøkken i miniatyr, og så herlig med retro tapeter!
    God helg til deg!
    LenaE

    SvarSlett
  3. Ble jo utrolig stilig da :) Fint og fargerikt. Regner med at Nora og Andreas er fornøyde også?
    Klem

    SvarSlett
  4. Såå fint!
    Anna sitt ved sidan av meg og er veldig begeistra! :) -og så masar ho veldig om ikkje vi kan reise på besøk snart, så det kjem vi nok til å spørre om etterkvart.. Først skal vi bli friske, og så kjem mormor denne veka, men etterpå...!! :)

    Ha det godt!

    SvarSlett
  5. Så fint kjøkken. Ble veldig inspirert her. Hvor fikk dere tak i stålbollen som fungerer som vask?

    SvarSlett
  6. så kjekt at du blei inspirert :-) stålbollen var ein vi hadde, men får kjøpt sånne rundtomkring der dei har kjøkkenutstyr vil eg tru. dei har på ikea trur eg..

    SvarSlett