Advent og kalenderen er full av pakkar! Kalenderen laga eg i fjor, litt linstoff, litt filt, og klippe og lime... enkelt og greit :-)
Under er det bilde av kalenderen utan pakkar, fin då og :-) Og dei kvite ringane ser ut som snø på himmelen... Her snør det forresten i dag, masse... Og det er stor stas for ungane :-)
Pakkekalenderen får dei berre opne annakvar dag (minstemann er litt for liten endå), så då har vi laga peparkakekalender som dei får kvar dag, ein til kvar... 72 peparkaker med hol i og tal på, for mat skjønnar minstemann at han skal ha han og ;-)
Håpar dåke får ei fin adventstid!
Kjempefin kalender og pynt, og kjempefine barnerom! :) Håper dere koser dere masse i adventstida. Her er det oppussing og litt travelt, men kos også. Prates snart. Klem :)
SvarSlett