onsdag 2. mai 2012

"Ny" lampe



Ein gammal lampefot har blitt fiksa litt på :-) Mannen fekk i oppdrag å spraye den kvit. Og så har den fått ny lampeskjerm frå Bohus. Synst den vart ganske fin eg :-) No er den plassert på soverommet som nattlampe på den nye hylla over senga, men er ikkje heilt sikker på om det er der den skal bo...




Lakken sprakk litt opp, men hadde ikkje tid til å vente lenger ;-) Fint mønster var det no på lampen i alle fall :-)




Og med lys i... Det kvite ein ser til høgre i bildet er faktisk eit GARDEROBESKAP!! Vi har endeleg fått oss skap på soverommet, måtte berre bo her i 8-9 mnd først... Men har ikkje hatt tid til å pakke skikkeleg inn i dei endå då...Ting Tar Tid ;-) men det blir...

1 kommentar: