mandag 24. oktober 2011

Bukse til Magnus :-)


Har endeleg fått sydd litt meir, og den gongen her vart det bukse til Magnus :-) Magnus er ein aktiv gut fortida, så var jammen vanskeleg å få tatt bilde av han. Trur ikkje eg fekk eit einaste som var klart...

Skjenken i bakgrunnen er forresten kjøpt på finn.no, i lag med eit skap i same stilen. Og eg trur nok at dei må malast, tar litt mykje plass og oppmerksomheit sånn som dei står no... Men det var den tida då...







Sånn ser buksa eigentleg ut ;-) Ribb oppe og nede, og grøne eple-lommer.







Storebror hjelper til med litt gåing, for det går visst ikkje an å gjere aleine endå... men klatre, gå langs ting, og gå og skubbe på ting, det går visst an ;-) så trur ikkje det er lenge før han spring no :-)


Mønster:
Frå boka "barn igjen"

Materiale:
Eple-stoff frå stoff & stil
ribb frå stoff & stil
cordfløyel frå textart

Størrelse:
Str.86

2 kommentarer: