Endeleg har dukka fått litt kle. Dette prosjektet har tatt litt tid...er kanskje fordi eg ikkje synst fargane var så fine. men greit å få brukt opp litt stoffrestar... Bleie måtte dukka ha og... sånn har dukka sett ut alt for lenge. men virkar som Nora synst det er greit med dukke utan klede, så er ikkje sikkert kleda får vere på så lenge...
Har sydd 2 stk legoposar på bestilling. Den største på ca. 150 cm i diameter og den minste er vel litt over ein meter i diameter. Sydd i dongeri og kanta med skråband.
Har endeleg fått sydd litt igjen :-) Har sydd 2 sminkepungar etter "Tilda"-mønster. Litt grov bomull utanpå og tynnare bomull inni. Dei er og fora med litt vatt, så dei blir litt stivare (har fulgt oppskrifta....) Ein ypperleg måte å få brukt opp litt stoffrestar :-)