onsdag 29. desember 2010

Julegåver : T-skjorter

Kompis-T-skjorter.. Har sydd 3 sånne t-skjorter, ei til Andreas og 2 stk som han har gitt vekk til kompisar til jul. Stoff frå Stoff & Stil, og mønster frå Ottobre.
Gåve til ei lita Nora :-)

Diverse julegåver


Strikka puff, oppskrift hos pickles.
Strikka hue..
Fine eggeglas frå figgjo, og brødpose.
Lyserosa øyredobbar..
Vottar i ullfilt

Julegåver: telyshaldarar

Hekla band til nokre telyshaldarar, inspirert av armband med knapp, og så kom eg over sånne i den bloggen her http://bekkisheklerier.blogspot.com/.



Har hekla nokre til, men har visst gøymt å ta bilde av alle i farten...

fredag 17. desember 2010

Onsdag 15.desember..

Då laga vi marsipankonfekt :-) for det stod det i adventskalenderen at vi skulle gjere.. Nougat inni og marsipan utanpå. Andreas og Nora var nokre supre kule-rullarar :-) Til slutt rulla vi kulene i sjokolade, og så fekk Andreas og Nora pynte dei med diverse pynt.


onsdag 15. desember 2010

Vottar til meg

Sydde ein del sånne og ga vekk i julepresang i fjor. Og no har eg omsider fått laga eit par til meg sjølv og ;-)
Mønster:
"Tilda" sitt mønster.

Materiale:
Ullfilt (Stoff & Stil)



tirsdag 14. desember 2010

Maling på t-skjorter :-)

Dagens julekalender-aktivitet var å male på t-skjorter! Kjempekjekt, og 2 stk som gledar seg til å ha på seg t-skjortene sine i barnehagen i morgon :-)


fredag 10. desember 2010

Roooosa bolero...

Har strikka ein bolero til Nora, og sidan ho er ei rosa-prinsesse-vil-ikke for tida, og ho fekk velge garn sjølv, så vart den sånn ;-)
Mønster:
Har tatt utgangspunkt i pickles sin, men måtte tilpasse litt sidan eg strikka med dobbelt garn og tjukkare pinnar.

Materiale:
Har brukt kitten mohair og alpakka, begge frå Sandnes garn. Strikka på pinne nr.6.

Størrelse:
Ca. 3-4 år vil eg tru..

onsdag 8. desember 2010

Legopose

Nok ein legopose :-)

Mønster:
Eige

Materiale:
Dongeri (Stoff & Stil)
Skråband, marine (Stoff & Stil)
Snor, raud (Stoff & Stil)
Maljer (Biltema)

Størrelse:
diameter ca. 130 cm

mandag 6. desember 2010

Vest til Magnus

Har strikka ein vest til Magnus, det har jo vore KALDT... og når eg var ferdig med vesten, så var det sjølvsagt blitt varmare ;-)
Mønster
Har tatt utgangspunkt i nøstebarn si babyundertrøye, men i staden for å strikke ribbestrikk har eg strikka ein slags flettestrikk, som eg kom over hos Pickles. Litt kjekt å prøve seg på noko nytt :-)

Materiale
New Zealand lambs wool frå 123knit.com (tilsvarar 2-tråds merinoull frå Nøstebarn, men mykje billegare ;-))

Størrelse
Er ganske tøyeleg. 6 mnd til 2 1/2 år kanskje? Den passa til Nora og, men kanskje litt knapp til ho..