lørdag 28. januar 2012

Klar for eit nytt prosjekt :-)


Då er eg klar for eit nytt strikke-prosjekt, eit litt lite eit... Og så har eg fått meg ein sånn snedig dings til å snurre opp garnet med, så nøstet blir sjåande slik ut.. gjekk i alle fall utruleg fort å nøste opp garnet :-)

mandag 23. januar 2012

Hekla lyslykt


Eg hekla meg ei lyslykt i går kveld, veldig kjapt og enkelt :-) Inspirert etter bergensturen i helga :-)




Har planar om fleire og litt større, men må berre på leiting etter tomme glas først ;-)



fredag 20. januar 2012

Sminkepung


Ein liten sminkepung :-) Sydd av dongeri, og fora med eit superfint grønt bomullsstoff.. Det var jammen vanskeleg å få til bra bilder...dongerien ville liksom ikkje...og den er eigentleg litt mørkare i fargen.




Reknar med at den kjem til å dukke opp i epla-butikken min snart :-)



Mønster:
Eige

Materiale:
Dongeri
Bomullsstoff
Glidelås

Størrelse:
Ca. 14 x 12 og 6 cm brei i botnen, så det er plass til ein del sjølv om den er liten :-)

Pris:
150,- + porto

torsdag 19. januar 2012

PC-trekk


Har endeleg somla meg til å sy eit pc-trekk til pc'en min. Har ikkje fora det med vatt eller noko sånt, men det er dobbelt lag med stoff. Det beskyttar i alle fall pc'en mot rusk og rask i veska ;-) Glidelås til lukking, men litt usikker på om eg synst det var lurare med strikk til å lukke med, sånn som eg har sydd tidlegare. Og dei er her.




Mønster:
Eige

Materiale:
Retro duk frå Fretex
Dongeri til for (har ein del avklipp etter x-antall legoposar ;-) )
Glidelås

søndag 15. januar 2012

Legopose


Legopose sydd på bestilling. Naturkvitt skråband den gongen her :-)


Mønster:
Eige

Materiale:
Dongeri
Skråband
Maljer
Snor

Størrelse:
Ca. 130 cm i diameter




mandag 9. januar 2012

2 stk legoposar...


2 stk legoposar er sydd på bestilling, og sendt avgarde i dag. Begge er 140 cm i diameter, har raude skråband og marineblå snor.

Har ein til liggande som snart skal sendast avgarde... Og nokre som kanskje dukkar opp på epla etterkvart...Får sjå kor mykje tid og overskudd eg har, no når eg har starta på eit nytt semester som student ;-)







Kjekk til å oppbevare alle klossane i :-)



Mønster:
Eige

Materiale:
Dongeri
Skråband
Maljer
Snor

Størrelse:
Ca. 140 cm i diameter

onsdag 4. januar 2012

fuglemat...


Ungane laga fuglemat og ga vekk i julegåver :-) Dei var ivrige og fylte opp massevis av plastkrus med diverse nøtter og frø, og så fylte eg opp med delfiafeitt etterpå. Er mykje fuglar og kosar seg på dei vi har hengt opp her i alle fall :-) Og kattane er veldig ivrige på innsida av vindauga ;-)

tirsdag 3. januar 2012

øyredobbar i massevis :-)


Massevis av øyredobbar som har vore ferdige ei stund, men det tar litt tid å få dei blogga, og så skal dei ut på epla og...




Knappar som er trekt med stoff, litt nye og litt gamle stoff. Og knappar i to størrelsar; 1,6 og 1,3 cm.



mandag 2. januar 2012

Magnetar


I år vart det jammen ikkje mange heimelaga julegåver herifrå... Travle tider med jobb, studier, ungar, hus og heim...

Men laga nokre magnetar som eg ga vekk. Knappar trekt med stoff og magnet bakpå. Synst dei vart fine eg :-) Ga vekk 3 og 3.