Viser innlegg med etiketten barnerom. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten barnerom. Vis alle innlegg

tirsdag 6. mars 2012

Gardiner til køysenga..


Har lova Andreas at eg skulle fikse gardiner til senga hans ganske lenge... Dei her vart eigentleg sydd til den senga han hadde før vi flytta, som var frå IKEA og var litt større, men funka fint å berre henge dei opp, bretta litt inn i sidene berre ;-)

Foreslo å sy nokre nye av eit anna stoff, men han synst dei her var finare, så då var jo den saken grei :-)

onsdag 16. november 2011

Magnus-rommet


Magnus har og fått eige rom, eit bittelite eit. Halve rommet vart slått saman med badet, sånn at vi fekk eit større bad. Og det gjorde at Magnus sitt rom vart langt og smalt... sånn akkurat plass til ei barneseng på tvers. Det her blir ikkje noko leikerom, er mykje hyller og oppbevaring her inne, og så må vi gå gjennom vårt rom for å komme dit. Men han har i alle fall fått sitt eige rom :-)




gul tapet på veggane, frå missprint. Synst mønsteret minnar litt om hårspennene til Lola i "Charlie & Lola" (veldig fine bøker og barne-tv :-) )




Bruskassen med papir er foreløpig plassert på Magnus sitt rom. Kommoden er malt og har fått ein elefant-knott frå Ting.