mandag 9. desember 2013

Årets nisseproduksjon


I går hadde vi eit lite juleverksted, og ungane fekk male nissar. Kom over ideen på ein bloggerunde ein gong, men hugsar ikkje kvar... Den gjengen her får stå på kommoden i yttergangen vår.




Synst nissane vart artige eg :-) Men gløymde heilt å ta bileter i løpet av malingsprosessen...hadde nok med å passe på at dei lange pinnane ikkje laga malingsflekkar over alt...




Og ein liten gjeng får stå i trappa opp til loftet.




Eit raskt og enkelt prosjekt som alle ungane fekk til (3, 6 og 8 år).

tirsdag 3. desember 2013

Prosjekt hus: veke 48


Det går framover på huset :-) Vindauga begynner å komme på plass. Og snart er det klart for kledning. Den delen av gamlehuset som er til venstre på bildet, skal rivast før husa skal byggast saman.




Nokre vindauger er på plass, og vi har prøvd å opne nokre ;-)




Andreas sitt rom...




Dei store vindauga i spisestove-delen er på plass :-)




Mellom husa, her blir det ein lun uteplass med kveldssol. Og der det går ein mur på tvers kjem det glasskyvedører inn i gangen som skal knyte husa saman




spisestove og kjøkken lengst inne



mandag 2. desember 2013

advent :-)


Sidan ungane får opne pakkekalenderen kvar 3.dag, så har dei brukt å få peparkakekalender i tillegg. Nytt i år er at dei får henge på eit juletre, 3 og 3 peparkaker kvar dag. Og 3 stk som synst det er stas kvar dag :-)

torsdag 21. november 2013

Sofaputer


Har somla meg til å sy nye puter til sofaen :-)

Stoff frå Stoff & Stil, knappane er store knappar som eg har trekt med stoff.






Puta til venstre er eigentleg eit nett frå søstrene Grene, berre putta oppi ei pute og knytta saman hankane, superenkelt ;-)

tirsdag 19. november 2013

Huer


Har sydd ein liten haug med huer :-)




Nora med si hue







Magnus

Jammen ikkje lett å få tatt bilder av ungane for tida...ga opp eldstemann...


Mønster: Eige

Stoff: Stoff & Stil (ungane fekk velge sjølve)

søndag 17. november 2013

Prosjekt hus...


Endeleg er vi kommt igang med bygging av nytt hus :-) og sånn ser det ut etter at snekkarane har heldt på i ca. 2 veker...synst det går fort eg :-)

Huset skal byggast saman med det raude huset til høgre i bildet (der vi bur no)...




Blir mange store vindauger. Oppe blir det kjøkken, stove, spisestove og eit lite kontor. Og nede blir det 4 soverom, eit par boder og eit bad.







Utsikt frå spisestova




Utsikt vestover



fredag 8. november 2013

strikka topp til Nora



Har strikka ein topp til Nora, litt uklart bilde, men modellen var litt utålmodig når bilda vart tatt... Mønsteret har eg hatt liggande lenge, trur det stod i "Foreldre og Barn" for nokre år sidan. Men uansett god og varm topp til vinteren :-)

onsdag 16. oktober 2013

Tøysetopp til Nora


Begynte på ein sommartopp til Nora i sommar. Mønsteret er Pickles sin tøysetopp. Gjekk frykteleg seint å strikke den, usikker på kvifor... Fargane var midt i blinken for Nora, og eg fekk brukt opp litt restegarn i bomull. Frøkna vart i alle fall fornøgd :-)




mandag 14. oktober 2013

Legopose


Forrige helg var vi i navnefest. Og ungane fekk gi vekk ein legopose til søskenbarnet :-)




Så no har ho noko å samle duploen sin i etterkvart.




Ein praktisk pose til lego og duplo. Har sydd ein del sånne for salg tidlegare, men har tatt ein pause då det vart så travelt her. Men kanskje eg begynner igjen ein gong, når eg har litt meir tid og overskudd ;-)






lørdag 14. september 2013

Plommelikør


Eit digert Norgesglas med plommer, sukker og 60%... og satsar på supergod plommelikør til jul :-)

mandag 9. september 2013

Bursdagskjole til Nora :-)



I dag vert Nora 6 år :-) Og i går feira vi bursdag med først barneselskap og så familieselskap etterpå.




Og omsider har eg sydd litt igjen... Vart bursdagskjole til Nora, mønster og stoff frå stoff og stil.




Trur frøkna var fornøgd, eller kanskje strømpebuksa var den finaste ;-)







Har fått med eit lite sybord i gangen, så satsar på at det skal bli litt meir sying framover enn det har vore på lenge...måtte faktisk tenke meg om når eg skulle tre symaskina...og det er jo litt ille ;-)



fredag 4. januar 2013

Barnearbeid ;-)


Ein av aktivitetane i julekalenderen var at ungane fekk male på stoff, og dei kosa seg :-) No har eg endeleg fått klippt opp stoffet og sydd rundt kantane, så no har vi fått mange fine nye koppehanddukar i huset :-)











Synst dei vart flotte eg :-)

onsdag 2. januar 2013

Julegåver


I år var det ikkje mange heimelaga julegåver... Men bittelitt vart det... Eg laga gryteunderlag av trekuler. Og så stæsja eg opp nokre fyrstikkøskjer :-)







Og nokre fekk følge av ein koppehandduk (men dei var kjøpte...)




tirsdag 1. januar 2013

Julaftan


Besøk av julenissen :-)




Eg har strikka julekjole til Nora, ferdig på lillejulaftan... Trur vi var fornøgde begge to :-)




Mønsteret er "snurrekjole" frå Pickles










Gutane har fått seg vestar. Måtte få mamma til å strikke dei, sidan eg heldt på med ein viss kjole... Synst dei vart fine :-) Med kvite skjorter og sløyfer til :-)