Viser innlegg med etiketten vognpose. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vognpose. Vis alle innlegg

søndag 15. mai 2011

"Knappet og klart" ;-)


Sydde ein vognpose for ei stund sidan, og no har eg endeleg fått sydd på knappane! Vognposen har fungert heilt fint utan og, men når det er litt kaldt, er det jo greit at kanten held seg oppe så det blir lunt og godt oppi posen :-)

Her er link til innlegget der dåke kan lese meir om vognposen :-)



Store kokosknappar frå Stoff & Stil.



Her er kanten bretta opp. Veldig fornøgd med posen. Magnus er alltid varm og god når han har sove ute i posen (og ikkje alt for varm når det er varmt ute heller).



Her er kanten bretta ned. Kan jo vere greit av og til det og :-)

søndag 1. mai 2011

Vognpose til vår, sommar og haust...


Har lenge hatt planar om å sy ein pose til vår/sommar/haust, og no vart det plutseleg veldig varmt og fint :-) og då vart jo vinterposen veldig varm...

Så den her posen vart sydd i lin innerst, og svart dongeri ytterst og fora med ullvatt. Delbare glidelåsar i sidene, sånn at ein kan ta av toppen. Ein veldig lett og fin pose, som samtidig er varm nok sidan den er fora med ull :-)



Har laga den litt smalare øverst, sånn at det ikkje skal vere så lett for ein liten akrobat å lure foten over kanten ;-)



Posen i vogna. Overdelen går høgt opp når den er bretta heilt opp. Hemper i kanten oppe, som kan festast i knappar i sidene, sånn at ein kan velge å brette kanten opp eller ned.



Ein fornøgd lite kar :-)



Ein som er nesten klar for å sove. Litt rare fargar på bildet, men, men... Var utruleg vanskeleg å få til bra fargar med den lyseblå linen og svart dongeri...



Om ein tar av toppen, kan ein ha underdelen berre som sitteunderlag for å beskytte vogna.



Hol til 5-punktssele. Underdelen er laga smalare enn toppen, sånn at den skal passe bra i vogna om ein berre skal bruke den. (litt krøllete i sidene på bildet her, sidan den har blitt brukt litt før eg fekk somla meg til å ta bilder...)



Materiale:
-Lin (mjuk, god og sval) - lys petrol
-Dongeri (tåler litt) - svart
-Ullvatt (varmt og godt, men ikkje for varmt når det er varmt)
-2 stk glidelåsar - kvite

Mønster:
Eige

Størrelse:
Botn: Ca. 95 x 40 cm
Topp: Ca. 80 x 50 cm