onsdag 30. mars 2011

Og vinnaren er...


Har hatt trekning av give-away'en min i kveld, mannen stod for trekninga, og i skåla med sirleg bretta lappar, var det guro med bloggen ein gul knapp som vart trekt ut! Gratulerer!

Kjekt at så mange ville vere med på give-away :-) Og kjekt med mange koselege kommentarar!

Får ikkje tid til å sy legoposen heilt endå, skal vekk og male hus i 1 veke...men etter det så... Og så må eg få tilbakemelding på kva farge du vil ha guro!


tirsdag 29. mars 2011

Siste sjanse!

I morgon blir det trekning av give-awayen min, så no er siste sjanse til å bli med..

Elles er symaskina mi på service.. og datamaskina mi har slutta å fungere, så lite nytt herifrå for tida...

torsdag 24. mars 2011

Veske


Har sydd ei veske etter gammalt :-) På bestilling. Synst den vart fin, så er nesten så eg har lyst på ei sjølv og :-) Den her er med lang hank, så den kan henge på skrå..



Materiale:
Dongeri
Blått retrostoff
trykknapp (perlemor)

Mønster:
Eige

Pris:
350,- (solgt)

onsdag 23. mars 2011

Sminkepungar


Har sydd 2 stk. sminkepungar på bestilling.



Ein gul, med fôr i dongeri





Og ein lys, med mønster, og fôr i blått retrostoff.




Mønster:
Eige

Materiale:
Litt nytt og litt retro

Pris:
kr 150,- per stk. (solgt)

søndag 20. mars 2011

Ris og lavendel...


Ei god venninne hadde nettopp ein sånn stooor bursdag ;-) Så då fekk ho ein rispose, nokre lavendelposar (og så litt god sjokolade, men den var ikkje heimelaga ;-) )



fredag 18. mars 2011

5000 besøkande!


oj, oj, oj, no har eg visst passert 5000 besøkande, og vil minne om give-awayen min ;-) Trekning 30.mars, så det er berre å slenge seg med :-)

(trykk på her for å komme til give-awayen..)

torsdag 17. mars 2011

Stripe-elefant!


Eg har hekla ein elefant! Tok litt tid å hekle den, og så vart den liggande veldig lenge (var jo så mykje montering...) Men no er den i alle fall ferdig :-) Fyllt med ull, og så er det ein sånn rangle-dings inni, så den lagar litt lyd. Er Magnus som har fått den her, og han virka i alle fall fornøgd ;-)



Mønster:
Stoff & Stil

Materiale:
Restegarn
ull



onsdag 16. mars 2011

Sminkepung

Har sydd 1 stk sminkepung.



Mønster:
eige

Materiale:
blomstra retrostoff
fôr: dongeri
glidelås

Pris:
150,- (solgt)


Fekk ikkje fargen heilt til på bilda, den er ganske knall oransje, og mest lik på det bildet her...

søndag 13. mars 2011

give-away

Har lenge tenkt å ha ein give-away... Og no nærmar eg meg 5000 besøkande her på bloggen, og det kan jo vere ein passeleg anledning :-) Trekning blir 30.mars (satsar på å ha nådd målet til då ;-))

Du kan vinne ein legopose, ca. 110 cm i diameter. Valgfri farge på skråband, og med marineblå eller raud snor.

eitt lodd for å legge igjen ein kommentar på det innlegget her
eitt lodd for å bli følgar av bloggen (gjeld og om du er følgar frå før)
eitt lodd for å lenke til bloggen min på eigen blogg (bruk bildet over)
eitt lodd for å lenke til bloggen min på facebook (bruk bildet over)

Du kan altså få totalt 4 lodd... så legg igjen ein kommentar med kor mange lodd du tar :-)

lørdag 12. mars 2011

Rispose


Har gitt vekk ein rispose i bursdagspresang.







Materiale:
Lyseblå halvpanama
Kvit lin
Litt band til pynt
Størrelse:
Ca. 60 x 15 cm

fredag 11. mars 2011

Lavendelposar



I dag har eg sydd meg nokre lavendelposar, som eg tenkte skulle ligge i skuffer og skap i lag med kleda våre og lukte godt :-)



Materiale:
Stoffrestar
Tørka lavendel

Størrelse:
Ca. 8 x 8 cm

Karneval!

Her er 2 stk klar for karneval i barnehagen. Har vist fram kostyma før, men her er dei heilt klare for karneval :-) Trur dei gleda seg veldig!

onsdag 9. mars 2011

Snart karneval...

På fredag skal det vere karneval i barnehagen. Og Andreas skal få vere skjelett... Han ville vere noko skummelt, og eg er ikkje begeistra for sånne ferdigkjøpte superheltkostymer og sånn.. I foreldre & barn kom eg over den i idèen her. Svart t-skjorte og svart tights, og tekstilmaling. Veldig enkelt, men ikkje heilt anatomisk korrekt då ;-) men ser no kva det skal vere :-) Får legge ut action-bilder seinare

tirsdag 8. mars 2011

forkle x 3


Har fått betsilling på 3 stk forkle til barn. Eit skulle vere rosa, så håpar det her vart rosa nok ;-)
Har tatt utgangspunkt i ei brikke frå Princess, som eg har klipt til, kanta med skråband, og så har det fått ei rosa hjertelomme.


Skulle vere 2 stk i gutefargar og. Dei her er sydd av kjøkkenhanddukar frå Åhlèns, eit har fått blått skråband, og eit har fått grønt. Og så har dei fått runde lommer.



mandag 7. mars 2011

Forkle til Nora :-)

Nora ville og ha eit forkle, så då måtte ho få seg det.. Og det skulle vere roosa.. Vart litt rosa på det i alle fall. Og Nora var fornøgd :-)

Rosa hjertelomme...

Blondekant oppe og nede.

Materiale:
Brikke frå Princess
Lyserosa lin, rest
Skråband, rest

Mønster:
Eige

lørdag 5. mars 2011

Dongeribukse til Andreas

Det her har eg hatt planar om å gjere lenge... og endeleg har eg fått gjort det :-) Andreas har fått seg ny dongeribukse.. Med lommer både framme og bak. Ribblinning og ribb nede. Andreas var godt fornøgd :-)


Baklommer med trykknapp.

Saumane på kneet.

Mønster:
Frå Ottobre design, med litt småforandringar.

Materiale:
Dongeri (Stoff & Stil)
Ribb (Stoff & Stil)
Trykknappar (Stoff & Stil)

Størrelse:
Ca. 122