torsdag 30. juni 2011

Body :-)


Har sydd ein body til i kløver-stoffet :-) Og den her ligg alt på den lille epla-butikken min, så løp og kjøp!



Materiale:
kløver-interlock frå CeTho-designs
Ribb frå Stoff & Stil

Størrelse:
80-86

Pris:
200,- + porto

onsdag 29. juni 2011

Sminkepung


Har sydd endå ein sminkepung :-) Klippte jo opp ein heil bunke då vi var på mini-ferie på sunnmøre i mai :-)

På veg til epla den her og..




Mønster:
Eige

Materiale:
Mønstra bomull frå Stoff & Stil
Dongeri til for
Glidelås

Størrelse:
14 x 12 cm, flat botn som er 6 cm brei, så det er plass til mykje :-)

Pris:
150,- + porto

tirsdag 28. juni 2011

Løve-sett!


Har sydd eit til sett i løve-frotte, og det her er på veg i epla-butikken min nett no :-)

Mønster:
T-skjorte: Ottobre
Shorts: Eige

Materiale:
Løve-frotte, kjøpt hos CeTho-designs
Ribb frå Stoff & Stil

Størrelse:
80-92

Pris:
300,- for heile settet + porto




Her er det eg sydde til Magnus'en :-) Har ikkje blitt så mykje brukt då...ventar fremdeles på sommaren... Men om 1 veke reiser vi til Italia :-) feriehus med storfamilien, håpar det blir trivelege dagar! Og før det skal lille/store familien vår vere eit par dagar i Roma :-) Så om nokon har nokre bra Roma-tips, hadde eg blitt glad :-) (Roma med 3 ungar 1-6 år ;-) )

Bukse til Andreas


Storebroren her i huset veks fort... så plutseleg hadde han mange korte bukser... Så no har han i alle fall fått ei ny bukse :-)




Med lomme




Og lappar på knea, og det kan jo vere greit ;-)







Buksa ser veldig lang og smal ut her..men sidan han veks fort så var det greit å klippe den litt lang :-) På grunn av ribben nede så blir den berre litt posete og ikkje for lang.



Mønster:
Frå boka "Barn igjen"

Materiale:
Svart dongeri
Blå kordfløyel
Ribb

Størrelse:
128 kanskje?

mandag 27. juni 2011

HURRA!


Eit superenkelt bursdagskort :-) Litt stivt papir, ein liten bit fint papir, og sikksakk på symaskina :-)

lørdag 25. juni 2011

Løver :-)


Sydde ei t-skjorte med løver på til Magnus i går kveld. Har jo tidlegare sydd ein shorts til han i same stoffet, så no har han eit heilt sommar-sett :-)




Så no kan jo sommaren berre komme... Ikkje mykje sommar her no i alle fall. Men, om ikkje så alt for lenge så reiser vi til Italia med heile storfamilien, det blir bra :-)




Eit sånt sett dukkar nok opp i den lille epla-butikken min snart :-)

Og så må eg minne om give awayen min! Du finn link til den på høgre sida her...


Mønster:
Ottobre

Materiale:
Løve-frotte, kjøpt hos CeTho designs
Ribb, Stoff & Stil

Størrelse:
80 - 92 kanskje?

fredag 24. juni 2011

Vikingshorts..


Ein sånn her blir lagt ut på epla i løpet av kvelden :-)





Mønster:
Eige

Materiale:
interlock kjøpt hos CeTho desings
ribb frå Stoff & Stil

Størrelse:
Ca.86

Pris:
150,- + porto

torsdag 23. juni 2011

Sommarveske til meg sjølv :-)


Eg likar det stoffet her så utruleg godt! Det er eigentleg ein duk eg fann på fretex ein gong :-) Og i kveld har litt av den blitt til ei veske til meg sjølv :-)




Heile veska, eller nettet alt ettersom.. Synst den vart enkel og fin :-) Stoffet gjer så mykje ut av seg i seg sjølv at det er greit at veska er heilt enkel.





Mønster:
Eige

Materiale:
Retro duk
Dongeri til for

Legopose


Har sydd ein legopose på bestilling. Med oransje kanteband og marineblå snor.



Mønster:
Eige

Materiale:
Dongeri
Skråband
Snor
Maljer

Størrelse:
Ca. 130 cm i diameter

Pris:
kr. 350,- + porto

tirsdag 21. juni 2011

husk give awayen min!


Tenkte eg måtte minne dåke på give awayen min!


Premien er ein valgfri ting frå den nye, lille epla-butikken min som du finn HER

Og give awayen finn du HER

mandag 20. juni 2011

Sommarkjole!


I går sydde eg og Nora sommarkjole :-) Nora valgte stoff sjølv då vi var innom Stoff & Stil på laurdag (det er forresten salg der no, så løp og kjøp!)




Nora sjølv var kjempefornøgd med sommarkjolen sin :-) Og dansa rundt og rundt på platten når eg tok bilder :-)

Eg vart rimeleg fornøgd eg og, synst det vart ein skikkeleg sommarkjole :-)




Kan hende det dukkar opp nokre sånne på den lille epla-butikken min snart ;-)




Nærbilde av stoffet og strikksaumen.


Mønster:
Eige

Materiale:
Tynn bomull frå stoff & stil

Størrelse:
Nora er 4 år, men den er såpass tøyeleg at den sikkert kan brukast mykje før, og ein del seinare og som topp ;-)

søndag 19. juni 2011

Retro sminkepung

Har sydd ein sminkepung av ein brun retroduk :-) Synst den vart ganske fin :-)




Blir straks lagt ut på epla-butikken min :-)

Mønster:
Eige

Materiale:
Retro duk
Dongeri til for
Glidelås

Mål:
14 x 12 cm, flat botn som er ca. 6 cm brei, så det er plass til ganske mykje sjølv om det er ein liten sminkepung :-)

Pris:
kr 150,- + porto

fredag 17. juni 2011

Sminkepung


Har sydd ein sminkepung, som alt er lagt ut på den lille epla-butikken min :-)
Den er forresten sydd i det same stoffet som dei brune øyredobbane og det eine nettet er fora med det same stoffet (eller ein kan snu det og bruke den sida ut :-))




Og så vil eg minne om give awayen min som du finn i innlegget under :-)




Mønster:
Eige

Materiale:
Brun bomull med kvite blomster
Dongeri
Glidelås

Mål:
14 x 12 cm, flat botn som er 6 cm brei, så det er plass til mykje :-)

Pris:
kr 15o,- + porto

torsdag 16. juni 2011

Butikkdame :-) og give away!


Eg har laga meg ein liten epla-butikk :-) Den finn du her!

Og det må jo feirast med ein liten give away!
Tenkte å trekke ein vinnar 1.juli, og den heldige vinnaren får velge ein ting frå epla-butikken min :-)

Reglane er som vanleg...

1 lodd for kommentar
1 lodd for å legge deg til som følgar
1 lodd for å legge ut link til give-awayen på bloggen din


Totalt tre lodd! Skriv i kommentaren kor mange lodd du tar. Du må ikkje ha blogg for å være med, men legg igjen e-post slik at eg kan kontakte deg om du vinn!



onsdag 15. juni 2011

Løve-shorts! .... og prisspørsmål??...


Har sydd ein shorts til Magnus i frotte med løver på :-) Synst den vart skikkeleg kul, og tenker på å lage t-skjorte til så det blir eit sett :-) Actionbilde får komme seinare, sidan guten søv no...

Og så lurte eg på kva dåke synst er ein OK pris for ein sånn shorts? Same mønsteret som den på bildet under... Hadde tenkt 180 kr, eller er det alt for mykje synst dåke? Vanskeleg det her med pris, såg litt inne på epla, men vart ikkje så mykje klokare... Prisane varierte jo frå veldig billeg til veldig dyrt... Så blir veldig glad om nokon kjem med forslag på det her!




Og kva med sånne t-skjorter? kva synst dåke eg kan ta for dei?





Nett


Har sydd eit nett i dongeri, fora med brun bomull med kvite blomster. Nettet kan faktisk brukast på begge sider, og det kan jo vere kjekt :-)

Det nettet her er til salgs :-)




Sida med dongeri




Sida med bomull



Mønster:
Eige

Materiale:
Dongeri
Bomull
Skråband

Pris:
250 kr + porto

mandag 13. juni 2011

Til min mann...første forsøk...


Har prøvd meg på eit mobiletui til mannen min sin HTC desire Z, som er ganske tjukk...så derfor vart det her første forsøk... Har visst beregna litt lite, så det vart rimeleg trangt. Til ein tynnare HTC telefon, hadde det nok passa heilt perfekt. Meen, han kan no bruke det til eg får sydd eit nytt ;-)




Strikk rundt, så ikkje telefonen skal ramle ut... (kan og bruke strikken til å ha rundt handa og bære, men det gløymde eg å ta bilde av (men då er det ikkje særleg mannete lenger...))

Gløymde å sy på lappen min før eg var ferdig, så derfor vart den litt dumt og knotete plassert på toppen...





Mønster:
Eige

Materiale:
Svart dongeri, rest
Gult retroputevar
Strikk

søndag 12. juni 2011

Vikingar...


Andreas har fått seg t-skjorte med vikingar. Same mønsteret eg har brukt mange gangar før, enkelt og fint med raglanermer :-)




Har eigentleg ikkje tid til å bli tatt bilder av, opptatt med å sjå tom & jerry på tv'en... Så "1-2-3 sjå hit!"






Mønster:
Ottobre design

Materiale:
Interlock med vikingar, kjøpt hos CeTho designs

Størrelse:
Ca. 122

lørdag 11. juni 2011

Superenkel shorts


Har sydd ein superenkel shorts til Magnus. Så no satsar vi på at sommaren er her for fullt! Shortsen klippte eg ut når vi var på tidlegferien vår, og sydde den saman i går kveld, trur syinga var gjort på under ein halvtime..



Har sydd kanten oppe med tvillingnål, satte igjen ein liten opning, og tredde i strikk. Kvit ribb på kantane på beina. Det er berre 2 stoffstykker, så det var jo veldig raskt og enkelt og greit :-)



Tøffe vikingshortsen!



Litt stå/gå-hjelp av storebror :-)




Mønster:
Eige. Har tatt utgangspunkt i eit ottobre-mønster, for å få størrelsen rett, og så har eg gjortom ein del på det.

Materiale:
interlock med vikingar
ribb

Størrelse:
Ca. 86

torsdag 9. juni 2011

Sminkepung


Har sydd ein sminkepung i eit skikkeleg kult retrostoff eg fann på ein bruktbutikk for ei stund sidan :-) Synst eg var skikkeleg heldig :-)



Mønster:
Eige

Materiale:
Retro stoff
Dongeri til for
glidelås

Sommarbody :-)


Har sydd ein sommarbody med korte armar til Magnus. Godt no når det endeleg begynner å bli sommar og varmt!







Mønster:
Ottobre design

Materiale:
CeTho designs sin kløver-interlock
Ribb frå Stoff & Stil

Størrelse:
86