Viser innlegg med etiketten leiker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten leiker. Vis alle innlegg

torsdag 17. mars 2011

Stripe-elefant!


Eg har hekla ein elefant! Tok litt tid å hekle den, og så vart den liggande veldig lenge (var jo så mykje montering...) Men no er den i alle fall ferdig :-) Fyllt med ull, og så er det ein sånn rangle-dings inni, så den lagar litt lyd. Er Magnus som har fått den her, og han virka i alle fall fornøgd ;-)



Mønster:
Stoff & Stil

Materiale:
Restegarn
ull



fredag 21. januar 2011

Eit lite kjøkken :-)

Vi har hatt eit lite kjøkken-prosjekt her ei stund, ganske lenge eigentleg.. men no trur eg vi er ferdige! Vi har laga ein liten kjøkkenkrok til Nora og Andreas.
Vi har kjøpt inn litt mini-ting, som melk og juice, nokre påleggsboksar har dei fått og. Og Ikea har fått mykje fint kjøkkenutstyr!

Søstrene Grene hadde massevis av fint og veldig billeg papir, så det er brukt til å dekorere diverse små møblar.
Hadde stolar og bord frå IKEA som fekk seg nokre strøk med maling, og så fekk Andreas og Nora velge kva fargar dei ville ha på papiret...så den blå er Andreas sin og den rosa er Nora sin..

Kjøkkenvask måtte dei ha og, der har vi kjøpt ei hylle på IKEA, felt inn ein stålbolle, og så montert på ein knagg som kran, og så har eg sydd forheng av ei gardin eg kjøpte på loppemarked ein gong.. Og så måtte dei sjølvsagt oppvaskkost og zalo ;-) så no er det oppvasktrening her...

Her er heile kjøkkenet. Vart ikkje så verst, fargerikt og kjekt å leike med!

mandag 17. januar 2011

Eit lite monster...

Det er jo så inn med sånne små, rare monster... Så eg har prøvd meg på eit eg og.. Magnus synst i alle fall det var finfint å pelle på :-) Nokre antenner og ein merkelapp å pelle på, armar og bein er jo fine å putte i munnen, og så er det lyd når han ristar på den...