onsdag 26. oktober 2011

Bukse til Nora :-)


No har Nora fått seg bukse og :-) Sydd i same stoffet som den Magnus fekk seg, men med litt andre lommer då ;-)




Lommen, sydd av eit retro-sengesett.





Mønster:
Frå boka "barn igjen"

Materiale:
Cordfløyel frå textart
ribb frå stoff & stil
retro-sengesett

Størrelse:
ca.104

mandag 24. oktober 2011

Bukse til Magnus :-)


Har endeleg fått sydd litt meir, og den gongen her vart det bukse til Magnus :-) Magnus er ein aktiv gut fortida, så var jammen vanskeleg å få tatt bilde av han. Trur ikkje eg fekk eit einaste som var klart...

Skjenken i bakgrunnen er forresten kjøpt på finn.no, i lag med eit skap i same stilen. Og eg trur nok at dei må malast, tar litt mykje plass og oppmerksomheit sånn som dei står no... Men det var den tida då...







Sånn ser buksa eigentleg ut ;-) Ribb oppe og nede, og grøne eple-lommer.







Storebror hjelper til med litt gåing, for det går visst ikkje an å gjere aleine endå... men klatre, gå langs ting, og gå og skubbe på ting, det går visst an ;-) så trur ikkje det er lenge før han spring no :-)


Mønster:
Frå boka "barn igjen"

Materiale:
Eple-stoff frå stoff & stil
ribb frå stoff & stil
cordfløyel frå textart

Størrelse:
Str.86

søndag 23. oktober 2011

Eit lite bord :-)


Vi har hengt opp eit lite klaffebord på kjøkkenet :-) Og eg er så fornøgd! (og det er visst klatremusa vår og ;-) ). Vi har jo eit større bord og, men ikkje på kjøkkenet. Og så greit når ungane kan sitte der og ete, og eg kan rydde og pusle med andre ting samtidig :-) Og så tar det jo nesten ikkje plass i det heile når ein slår det saman.




Nesten som å vere på kafé heime hos seg sjølv, med eit sånnt lite, og litt trangt bord. Eg og mannen kosa oss med litt tapas i går kveld, og mykje koslegare med det lille bordet enn det digre :-)

Så foreløpig veldig fornøgd med det lille bordet :-)

tirsdag 18. oktober 2011

Legopose :-)

Ein legopose sydd på bestilling.




Mønster:
Eige

Materiale:
Dongeri
Skråband
Snor
Maljer

Størrelse:
14o cm


torsdag 13. oktober 2011

Nøkkelsnor


Eg har sydd... Og det vart ei snor til å ha nøklar i. Har tenkt å ha den til jobb-nøklane, derfor var det greit med krok i ein ende og klemme i andre enden. Mange nøklar som skal av og på... og så kan eg feste klemma i kanten på lommen. (og så kan den vaskast... og det kan jo vere greit...)

Kjøpte skråbandsbrettar på stoff & stil for leeenge sidan, og fekk prøvd den no, og då gjekk det jo veldig greit å lage band :-)

lørdag 1. oktober 2011

Nok ein legopose :-)


Den her vart sendt avgarde her om dagen. Sydd på bestilling.

Materiale:
Dongeri frå Stoff & Stil (synd det er så langt til den butikken no...)
Maljer
Skråband
Snor

Størrelse:
Ca. 140 cm i diameter

Mønster:
Eige