Måtte ordne meg litt stæsj til eg skulle på julebord... Hadde eigentleg tenkt eg skulle sy meg kjole, men fann ikkje mønster, og tida gjekk... så då vart det å leite i skapet i stadenfor...
Øyredobbar
hekla blomst med trekt knapp til pynt.
Veske med hekla blomst og trekt knapp til pynt. Fora med same stoffet som øyredobbane og knappane er lagd av.
mandag 29. november 2010
fredag 26. november 2010
Julekuler!
Legopose :-)
onsdag 24. november 2010
Julekalender :-)
Har laga ein julekalender. Fann inspirasjon hos Pickles, men har gjort det litt på min eigen måte likevel. Er veldig fornøgd, og blir litt glad av å sjå på den :-) Og håpar at Andreas, Nora og Magnus kjem til å bli glade når vi tar den fram kvart år :-)
Materiale
Lin (Stoff & Stil)
Lerret 50 x 60 cm (Clas Ohlson)
Filt (Panduro)
Kvite ringar (Panduro)
Lim...
Peparkakeformer
Stifta linstoffet fast på eit lerret med treramme, for at kalenderen skulle halde seg litt bedre. Og så sydde eg ringane fast i lerretet. Tenkte det kanskje kunne vere lurt, så vil ikkje stoffet dra seg sånn når alle pakkane blir hengt på..
Gledar meg til å pakke inn mange små pakkar og henge på!
søndag 21. november 2010
Ein til legopose :-)
fredag 19. november 2010
Sengesett til Nora
Har sydd sengesett til Nora. På grunn av litt feilberegning av stoffmengde, måtte eg supplere med litt grønt stoff eg hadde liggande. Nora var eigentleg fornøgd med det, er jo det same eg hadde sydd trekk til voksi-posen av. Trur ho sakna å sove ute i vogna akkurat då... Men det har jo store jenter på 3 år slutta med :-)
Mønster
eige
Materiale
Mønstra bomull (stoff & stil)
Grøn bomull (rest)
Størrelse
100 x 140 cm (tenkte 80 x 100 då eg handla stoff...)
torsdag 18. november 2010
Grøn sparkebukse
mandag 15. november 2010
Reste-genser til Nora
Endeleg ferdig med reste-genseren til Nora, og den vart rosa-lilla, akkurat sånn som ho vil ha det :-) Har planar om ein til Andreas i grønfargar og ein til Magnus i blåfargar, men tar nok si tid før eg er ferdig med dei ;-) kanskje neste vinter?
Nøstebarn sin "rullegenser"
Materiale
-Restar av diverse 2-tråds merinoull, noko frå nøstebarn og noko frå 123knit.com (mykje billegare enn nøstebarn sitt garn)
- Perlemorsknappar
Størrelse
fredag 12. november 2010
Raud sparkebukse
Magnus har fått seg ny knallraud sparkebukse :-) God og mjuk å bevege seg i :-) litt vanskeleg å få til fargane bra, men den er knallraud...
Mønster: Same som eg har brukt tidlegare, litt bearbeida ottobre-mønster.
Mønster: Same som eg har brukt tidlegare, litt bearbeida ottobre-mønster.
Materiale: Raud velour (morgonkåpe frå fretex)
Marineblå ribb (stoff & stil)
Trykknappar (stoff & stil)
Størrelse: 74-80
fredag 5. november 2010
Dress til Magnus :-)
Har omsider fått sydd dress til Magnus, har hatt planar om det ganske lenge...og no er det jo nesten vinter...
Dressen er sydd i blå ullfilt frå Stoff & Stil, fora med grønt retrostoff frå eit gammalt dynetrekk, glidelås i front. Skal få snor i hetta, må berre på ein liten handletur først. Har tatt utgangspunkt i eit mønster frå "barnetøy du selv kan sy", men har forandra ganske mykje på det.
Abonner på:
Innlegg (Atom)