onsdag 28. april 2010

Redebygging 3: Sparkebukse

Har sydd sparkebukse til lillebror, ca str 50. Limegrønt stoff frå stoff og stil, mønster frå "barnetøy du selv kan sy", litt forandra på. Ser at eg har litt forbetringspotensiale på kantinga, så det blir nok bedre neste gong :-) Trur nok den her skal bli god og mjuk :-)

Redebygging 2: trekk til stellematta

Har sydd nytt trekk til stellematta frå Ikea. Voksduk frå stoff og stil.
Her ser ein betre mønsteret...

lørdag 17. april 2010

Bukse til Andreas

Har sydd ei bukse til Andreas av litt dongeri-restar. Vart ganske smal modell pga at eg ikkje hadde meir stoff enn det som var nødvendig... Men han som skal bruke den er jo ganske smal han og :-) Brun ribb øverst og nederst. Og monster-strykemerker frå stoff og stil, eit framme på låret og eit på rumpa.

Monster på rumpa, er litt meir turkis enn det som kjem fram på bildet.
Merkelappen vart festa i linninga. Var eit veldig enkelt mønster frå Ottobre, så buksa er berre i 2 delar :-) berre saumar på innsida av beina og skrittsaum. (og hadde sett litt teit ut med merkelapp på innsida av beinet...)
Var vanskeleg å få action-bilete i dag. Modellen hadde det så frykteleg travelt... Men ser no litt korleis buksa vart då...

torsdag 15. april 2010

Redebygging 1: klutar

Har begynt med litt redebygging her, kanskje på tide når det berre er ca. 5 veker til lillebroren kjem... Har i alle fall sydd klutar no. Kjøpte store gas-klutar på jysk, klipte opp og sydde sikksakk rundt kantane. Lyseblå kantar til ansikt og mørkeblå kantar til rumpe... Trur eg har tenkt kvar gong: "kvifor gidd eg det her"...men laga til dei 2 andre, så då må jo lillebroren få og ;-) og så går det jo eigentleg ganske fort, berre litt kjedeleg...

tirsdag 13. april 2010

Hue til Nora

Det vart plutseleg vår i år og...og då måtte Nora få seg ny hue... Denne er sydd i raud jersey, og pynta med eit par strykemerker frå stoff og stil. Synst den vart ganske bra til å vere ei prøve-hue utan mønster...

Endå ein legopose :-)

Ein til legopose, sydd på bestilling :-) Denne har raud snor og er kanta med mørkeblått skråband. Trur eg snart må finne på noko med alle dongeri-restane...