torsdag 25. august 2011

Andreas sitt rom :-)


Andreas sitt rom er ferdig! I alle fall mala og tapetsert... Tapeten har Andreas valgt sjølv, den er frå missprint, og er kjøpt her.




Senga er nymala den og, var grøn før... Andreas insisterte på å ha køyseng, og då blei det det.. Etter å ha saga av nokre cm på beina vart det akkurat plass under skråtaket. Og Andreas er fornøgd og søv godt, så då er vel alt bra :-)

Expedit hylla som er til venstre i bildet, står ut i rommet og fungerer som romdeler og oppbevaring til leiker.




Veggen med døra på var den vi tapetserte. Tidlegare var det gul, blomstrete tapet her, og ikkje heilt guterom..




Manglar litt her... under skråtaket til venstre for bildet, har eg tenkt det skal stå eit skatoll i teak. Ein 1.klassing må jo ha skrivebord på rommet! sjølv om ikkje leksene blir gjort der...

Og utsikta er jo ganske mykje finare enn den vi hadde før...




Skapdørene har fått tapet og :-) Fine innbygde skap under skråtaket.



onsdag 24. august 2011

Barnehage-puter


I dag har desse putene blitt med i barnehagen. I den nye barnehagen som Nora og Magnus har begynt i, har alle ungane kvar si pute. Den brukar dei til å sitte på når dei har samling, og så får alle ungane fot-massasje (eller bandasje, som Nora kallar det...). Då ligg dei og kosar seg på putene sine og nyyyyt det.




Magnus med puta si :-)




Nora med si pute. Stoffet var det ho sjølv som plukka ut ein gong vi var på stoff & stil, og i dag vart det pute av det. Nora er sikker på at det er den finaste puta av alle ;-)







Magnus si pute er sydd av eit ikea-stoff eg hadde liggande, ikkje heilt det finaste stoffet eg veit. Men Magnus synst den var fin, og så skal den jo bo i barnehagen ;-)

tirsdag 23. august 2011

Travle tider...

Men eg er her...

Det tar jammen tid å flytte! Og når ein flyttar til noko som er litt mindre enn det vi hadde før, så er det ikkje så enkelt å vite kor ein skal gjere av alle tinga...

Men no har i alle fall ungane begynt i barnehage og skule, og eg og mannen har begynt å jobbe. Og i dag har eg hatt fri og vore heilt aleine heime! Og DET var rart! Men eg har no leita fram symaskina og fått sydd litt i dag :-)




Har sydd kappe til kjøkkenet :-) Stoff frå stoff & stil. Synst det passa godt til det raude over kjøkkenbenken :-)




Overalt i huset står det stablar med pappkasser... Veggane her var forresten litt sånn lyse-gusje-grønne før...og taket var oransje...




Pappkasser og ledningar her og... Men stablane med kasser minkar, sjølv om det er ein del igjen... (Veggane i stova var ubehandla panel, men har blitt kvite og fine :-) )