Viser innlegg med etiketten barn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten barn. Vis alle innlegg
mandag 9. desember 2013
Årets nisseproduksjon
I går hadde vi eit lite juleverksted, og ungane fekk male nissar. Kom over ideen på ein bloggerunde ein gong, men hugsar ikkje kvar... Den gjengen her får stå på kommoden i yttergangen vår.
Synst nissane vart artige eg :-) Men gløymde heilt å ta bileter i løpet av malingsprosessen...hadde nok med å passe på at dei lange pinnane ikkje laga malingsflekkar over alt...
Og ein liten gjeng får stå i trappa opp til loftet.
Eit raskt og enkelt prosjekt som alle ungane fekk til (3, 6 og 8 år).
fredag 4. januar 2013
Barnearbeid ;-)
Ein av aktivitetane i julekalenderen var at ungane fekk male på stoff, og dei kosa seg :-) No har eg endeleg fått klippt opp stoffet og sydd rundt kantane, så no har vi fått mange fine nye koppehanddukar i huset :-)
Synst dei vart flotte eg :-)
tirsdag 1. januar 2013
Julaftan
Besøk av julenissen :-)
Eg har strikka julekjole til Nora, ferdig på lillejulaftan... Trur vi var fornøgde begge to :-)
Mønsteret er "snurrekjole" frå Pickles
Gutane har fått seg vestar. Måtte få mamma til å strikke dei, sidan eg heldt på med ein viss kjole... Synst dei vart fine :-) Med kvite skjorter og sløyfer til :-)
onsdag 22. august 2012
Leikehytte :-)
Eit av prosjekta i sommar :-) Ungane har fått seg leikehytte.
Dørmatta må ristast...
Lille speil på veggen der... Fann ein fin liten spegel på gjenbruksstasjonen.
Fann eit gammalt nattbord der og, som har fått eit strøk med maling, nye knottar og litt tapet på toppen... Og fungerer no finfint som kjøkkenbenk i leikehytta.
Kaffikjele og knusekoppar fann eg og på gjenbruksbutikken :-)
Skyer i taket måtte det vere...
Nora serverer kaffi "akkurat sånn som på kafè" :-)
Leikekjøkkenet i plast var eit vi hadde frå før, og får gjere nytten ei stund...Planen er å snekre eit...men må vel ha nokre prosjekt neste sommar og ;-)
Synst det vart eit fint lite hus eg :-)
fredag 15. juni 2012
Rabarbra med sukker på :-)
For nokre veker sidan kosa vi oss med rabarbra, rabarbrasuppe, rabarbrasylte og Nora og Magnus kosa seg med rabarbra med sukker på :-)
Her set dei ved det lille klaffebordet som vi har skvisa inn på kjøkkenet :-)
onsdag 14. mars 2012
Nora sin boks :-)
Nora har laga den her nesten heilt sjølv :-) Ho har hatt på decoupage-limen, og eg berre hjalp til med å legge servietten på plass. Ho kom og hadde lyst til å lage noko ho og når eg sat og heldt på med noko småtteri på laurdag...og ein sånn boks var jo kjekt å lage for ei lita jente på 4,5 år :-) Den skal ho ha smykka sine i ;-)
Servietten er forresten frå House Doctor og er kjøpt på Ting :-)
søndag 4. desember 2011
Dorullnissar :-)
Abonner på:
Innlegg (Atom)