mandag 18. juni 2012

Ny "vegg"



Vi har fyllt ein heil vegg på spisestua vår med billy-hyller, og i dei er det alt mogleg inni ;-) For eit litt ryddigare inntrykk, har eg teipa fast tapet frå retrovilla på innsida. Og eg er veldig fornøgd med resultatet :-)




Jammen vanskeleg å få tatt eit bra bilete, når det kjem lys inn frå fleire kantar...


lørdag 16. juni 2012

Bilhue til Magnus :-)



Sydde hue til Magnus for ei stund sidan. Magnus var godt fornøgd med å få hue med "bi" på :-)




Mønster:
Eit som eg fann på nettet ein gong for lenge sidan, men eg hugsar ikkje kvar...

Materiale:
Jersey frå Stoff & Stil


fredag 15. juni 2012

Rabarbra med sukker på :-)


For nokre veker sidan kosa vi oss med rabarbra, rabarbrasuppe, rabarbrasylte og Nora og Magnus kosa seg med rabarbra med sukker på :-)

Her set dei ved det lille klaffebordet som vi har skvisa inn på kjøkkenet :-)




torsdag 14. juni 2012

Yttergangen vår


Var på gjenbruksbutikk i går i lag med mamma, der kjøpte eg blant anna denne spegelen. Handla ein heil masse, og betalte kun 100,- kr tilsaman :-)




Synst den passa godt inn i gangen vår :-)







Her snekra vi (mannen min) skohylle i haust. Var ei nisje der frå før med innbygde skap rundt, ganske enkelt å berre sette opp hyller inni.