torsdag 22. mars 2012

Verdas finaste dessert-skåler!


Har nett fått i hus verdas finaste dessert-skåler :-) det synst i alle fall eg :-) Skrapa saman gavekort og tilgodelappar hos "Ting" og kjøpte 10 skåler.



Skålene er frå Iittala, og heiter "Kastehelmi", som betyr duggdråpe på finsk. Eg synst i alle fall dei er utruleg fine med dråpemønsteret sitt :-)




På søndag vart dei innvia med melkesjokoladepudding med vaniljesaus, veldig lettvint dessert den dagen ;-) men veldig godt!





onsdag 21. mars 2012

Legopose :-)


Nok ein legopose er sydd på bestilling :-) Synst dei er heilt geniale til å oppbevare alle dei små klossane i, både lego og duplo :-)




Den gongen her vart det ein med både raud kant og raud snor.

Mønster:
Eige

Materiale:
Dongeri
Skråband
Maljer
Snor

Størrelse:
Ca. 110 cm i diameter

Pris:
Kr. 300,- + porto



tirsdag 20. mars 2012

Boksen går...


Endeleg har eg fått pynta boksane med tapet! Har samla på boksar ei stund...men har tatt litt tid å finne fram tapetlim... Men no er det gjort, og eg synst det vart bra ;-) Lakka over med eit par strøk decoupagelim, sånn at dei skal tåle litt meir.










Ein valnøttboks med lokk :-)




Ein parfymeboks med lokk :-)



mandag 19. mars 2012

Legopose


Ein legopose som vart sendt avgarde i dag :-) Sydd på bestilling.




Mønster:
Eige

Materiale:
Dongeri
Skråband, marineblått
Snor, marineblå
Maljer

Størrelse:
Ca. 130 cm i diameter

Pris:
kr 350,- + porto



onsdag 14. mars 2012

Nora sin boks :-)


Nora har laga den her nesten heilt sjølv :-) Ho har hatt på decoupage-limen, og eg berre hjalp til med å legge servietten på plass. Ho kom og hadde lyst til å lage noko ho og når eg sat og heldt på med noko småtteri på laurdag...og ein sånn boks var jo kjekt å lage for ei lita jente på 4,5 år :-) Den skal ho ha smykka sine i ;-)




Servietten er forresten frå House Doctor og er kjøpt på Ting :-)



tirsdag 13. mars 2012

2 stk legoposar


Har sydd 2 stk legoposar på bestilling, som vart sendt i posten i dag :-)



torsdag 8. mars 2012

Bukse til Magnus :-)


Magnus har fått seg ny bukse :-) ikkje så lett å få tatt bilde av då...men trur han var fornøgd :-)




Ikkje heilt fornøgd med at storesøstra skulle hjelpe til med å få han til å stå i ro ;-)











Mønster:
frå boka "barn igjen"

Materiale:
dongeri-restar
restar av eit putevar frå Åhlens
ribb frå Stoff & Stil

Størrelse:
Ca. 86-92

tirsdag 6. mars 2012

Gardiner til køysenga..


Har lova Andreas at eg skulle fikse gardiner til senga hans ganske lenge... Dei her vart eigentleg sydd til den senga han hadde før vi flytta, som var frå IKEA og var litt større, men funka fint å berre henge dei opp, bretta litt inn i sidene berre ;-)

Foreslo å sy nokre nye av eit anna stoff, men han synst dei her var finare, så då var jo den saken grei :-)

søndag 4. mars 2012

Ny tapet i gangen :-)


I helga har vi fått satt opp ny tapet i gangen, og eg synst det vart superfint! :-) Fargen på trappa er den originale, vi orka ikkje å male no i alle fall... Tapeten er frå retrovilla.




fredag 2. mars 2012

Nye puter :-)


Nye puter til sofaen :-) Den grøne er frå eit retrosengesett, var ganske stor og passa akkurat med ei 60 x 60 pute inni... Den blå er eit putetrekk frå Åhlens, som eg kappa av litt og sydde saman igjen så det passa med ei 50 x 50 cm pute inni.







I lag med putene eg sydde i fjor. Litt vår i sofaen :-)




Og litt meir av sofakroken vår, har plutseleg fått opp litt meir bilder på veggane ;-)