Viser innlegg med etiketten barneklede. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten barneklede. Vis alle innlegg

tirsdag 19. november 2013

Huer


Har sydd ein liten haug med huer :-)




Nora med si hue







Magnus

Jammen ikkje lett å få tatt bilder av ungane for tida...ga opp eldstemann...


Mønster: Eige

Stoff: Stoff & Stil (ungane fekk velge sjølve)

fredag 8. november 2013

strikka topp til Nora



Har strikka ein topp til Nora, litt uklart bilde, men modellen var litt utålmodig når bilda vart tatt... Mønsteret har eg hatt liggande lenge, trur det stod i "Foreldre og Barn" for nokre år sidan. Men uansett god og varm topp til vinteren :-)

onsdag 16. oktober 2013

Tøysetopp til Nora


Begynte på ein sommartopp til Nora i sommar. Mønsteret er Pickles sin tøysetopp. Gjekk frykteleg seint å strikke den, usikker på kvifor... Fargane var midt i blinken for Nora, og eg fekk brukt opp litt restegarn i bomull. Frøkna vart i alle fall fornøgd :-)




mandag 9. september 2013

Bursdagskjole til Nora :-)



I dag vert Nora 6 år :-) Og i går feira vi bursdag med først barneselskap og så familieselskap etterpå.




Og omsider har eg sydd litt igjen... Vart bursdagskjole til Nora, mønster og stoff frå stoff og stil.




Trur frøkna var fornøgd, eller kanskje strømpebuksa var den finaste ;-)







Har fått med eit lite sybord i gangen, så satsar på at det skal bli litt meir sying framover enn det har vore på lenge...måtte faktisk tenke meg om når eg skulle tre symaskina...og det er jo litt ille ;-)



tirsdag 1. januar 2013

Julaftan


Besøk av julenissen :-)




Eg har strikka julekjole til Nora, ferdig på lillejulaftan... Trur vi var fornøgde begge to :-)




Mønsteret er "snurrekjole" frå Pickles










Gutane har fått seg vestar. Måtte få mamma til å strikke dei, sidan eg heldt på med ein viss kjole... Synst dei vart fine :-) Med kvite skjorter og sløyfer til :-)




onsdag 24. oktober 2012

Evighetsprosjektet er ferdig!



Starta på den genseren her i mai i fjor, så det har jammen tatt si tid å bli ferdig med den! Men den var i alle fall ikkje alt for liten ;-)




Litt skeivt på...så halsen ser alt for stor ut.. Men synst genseren vart fin eg :-)




"Bli ferdig då!" Ein som var LITT utålmodig....




Garn frå 123knit.com. Oppskrifta er Nøstebarn sin rullegenser. Og perlemorsknappar frå Stoff & Stil




Fargane passa jo ganske bra i haust :-) og det var jo jammen litt flaks...sidan eg starta på den for 1 1/2 år sidan... ;-)


mandag 27. august 2012

Vest til Magnus


Har strika ein vest til Magnus. Blir godt til vinteren :-)
Vesten er strikka etter Nøstebarn si oppskrift, men i staden for ribbestrikk har eg strikka dobbel perlestrikk.




Knappane kjøpte eg i Tallin for nokre år sidan, men har ikkje fått brukt dei før no. Dei er laga av eine..



Garnet er bestilt frå 123knit.com, og er nokså likt nøstebarn sitt garn, men mykje billegare ;-)

fredag 27. juli 2012

Hue :-)


Hadde tenkt at Magnus skulle få seg ei hue, men han nekta å prøve den på... Men Nora var glad og fornøgd og ville gjerne ha hue :-)










onsdag 25. juli 2012

Sommarkjole til Nora


Nora har fått seg sommarkjole. Mamma kom med hekla blonder til å ha på ein kjole, så då måtte eg sy... Synst kjolen vart søt eg :-) Stoffet valgte Nora ut sjølv på stoff & stil i fjor sommar...men har altså ikkje blitt til noko før no ;-)







Trur frøkna er fornøgd sjølv og :-)







torsdag 19. juli 2012

T-skjorte til Magnus :-)


Magnus har fått seg ei t-skjorte. Og han vart plutseleg veldig stor gut når han fekk seg sommarklipp :-)




Mønster:
Ottobre

Materiale:
Jersey frå Stoff & Stil

Størrelse:
98-104 (så bittelitt stor)

mandag 9. juli 2012

Body


Har sydd ein body etter gammalt, i str. 56-62 ca. Var kjekt å sy ein sånn ting igjen :-) Den her har blitt gitt vekk i barselgåve til ein liten gut.

lørdag 16. juni 2012

Bilhue til Magnus :-)



Sydde hue til Magnus for ei stund sidan. Magnus var godt fornøgd med å få hue med "bi" på :-)




Mønster:
Eit som eg fann på nettet ein gong for lenge sidan, men eg hugsar ikkje kvar...

Materiale:
Jersey frå Stoff & Stil


onsdag 16. mai 2012

Bunadsvest til Andreas


Måtte sy ny vest til Andreas i år, den gamle hadde blitt litt vel kort, men nikkersen han hadde frå før held eit år til ;-)

Synst ikkje den vart så verst :-) Sydd i twill for at den skal vere enkel å vaske ;-)

Her er bunadane eg sydde til Andreas og Nora for 4 år sidan, og som heldt heilt til i fjor ;-)

mandag 14. mai 2012

Bunad til Nora :-)


Nesten ferdig med bunaden til Nora :-)

Den forrige bunaden eg sydde til ho brukte ho frå ho var 8 mnd. til ho var 4 år, og eg trur den her vil vare minst like lenge ;-) Med litt ekstra å legge ut på skuldrane og i sidene på vesten + nede på vesten, og med 4 legg på skjørtet, skulle den halde ei stund :-)

Forkleet hadde mamma då ho var liten, og banda nede på bunaden er frå ein gammal sunnfjordbunad.

Mønster:
Eige

Materiale:
Twill frå stoff & stil (lett å vaske ;-) )

Størrelse:
5 år til ?


onsdag 18. april 2012

Babyhue :-)


Ei strikkahue som er sendt avgarde i barselpresang. Synst sånne huer er ganske søte på sånne små :-)

torsdag 8. mars 2012

Bukse til Magnus :-)


Magnus har fått seg ny bukse :-) ikkje så lett å få tatt bilde av då...men trur han var fornøgd :-)




Ikkje heilt fornøgd med at storesøstra skulle hjelpe til med å få han til å stå i ro ;-)











Mønster:
frå boka "barn igjen"

Materiale:
dongeri-restar
restar av eit putevar frå Åhlens
ribb frå Stoff & Stil

Størrelse:
Ca. 86-92

fredag 3. februar 2012

Tova vottar

Har kommt masse nysnø her no, og det var to fornøgde ungar som for avstad til skule og barnehage med nye blånissevottar i dag :-) (dei har ønska seg sånne sidan desember...og dei har vore nesten ferdig ganske lenge...men tar litt tid å få festa trådar og flette snorer...)

Men i alle fall, så er det gode og varme vottar :-)