mandag 28. februar 2011

Rispose og belgisk vaffel :-)

Fekk besøk i helga av ei med ein vond rygg... Så då sydde eg ein rispose i full fart, vart berre ferdig med innertrekket, men gjekk jo an å bruke fordi. Så i dag har eg sydd den heilt ferdig :-)

Sydd i lyseblå lin frå stoff & stil, og så har eg sydd på eit band til å knyte den saman med.

Heile risposen, måler ca. 15 x 60 cm, akkurat passeleg til å legge over nakken.

Og akkurat no set eg med ein god og varm rispose på nakken, og kosar meg med ein belgisk vaffel, som eg fann oppskrift på her. Utruleg mange gode og fristande oppskrifter på passionforbaking.com (bildet er lånt derifrå).



søndag 27. februar 2011

Andreas sitt forkle :-)

Eg og Andreas har sydd forkle. Han har fått velge fargar og fasong sjølv :-) Sjølve forkleet er ein kjøkkenhandduk frå Åhlens, så klippte vi av 2 hjørner og sydde på skråband. Og så måtte vi ha ei lomme på, Andreas ville ha ei rund lomme, så då vart det det.. (han teikna rundt ein middagstallerken). Og så sydde vi i lag, eg styrte stoffet og han styrte pedalen...Nora fekk prøve litt ho og :-) Gjekk veldig bra :-) Så no må vi bake... og Nora vil og ha forkle...


onsdag 23. februar 2011

Sofaputer :-)

Endeleg har eg sydd meg puter til sofaen! Har hatt planar om å gjere det lenge... Synst dei passa godt no som det snart er vår :-)

Sydd av diverse stoffrestar, begge putene er 40 x 40 cm (var det eg hadde liggande..)


Baksida, med konvoluttlukking, enkelt og greit..

mandag 21. februar 2011

Marihøne

Det nærmar seg karneval i barnehagen... og etter ein tur på stoff & stil, der eg fann dette prikkete stoffet, måtte jo Nora berre vere marihøne.. Piperenserar og ein hårbøyle vart til finfine følehorn ;-)


Magnus får og prøve..

Heile kjolen, heilt enkel, men fora, og det var ikkje fullt så enkelt... men fekk det no til til slutt!

Trykknappar på skuldrane.

Mønster:
Spencerkjole frå boka "barn igjen"

Materiale:
bomull med store prikkar, frå stoff & stil

Størrelse:
98

fredag 18. februar 2011

Smikke


Magnus har fått seg smikke :-) Lyse og fine vår-fargar :-)


Materiale:
2 forskjellige voksdukar frå stoff & stil
litt skråband

Mønster:
Eige

tirsdag 15. februar 2011

Legoposar

Har sydd 2 stk legoposar på bestilling, ein "raud" og ein "blå".

Materiale:
Dongeri (Stoff & Stil)
Skråband (Stoff & Stil)
Snor (Stoff & Stil)
Maljer (Biltema)

Mønster:
Eige

Størrelse:
Ca. 110 cm i diameter

mandag 14. februar 2011

Løp og kjøp!

Har sydd ei bukse som eg har tenkt å selge. Når eg sydde bukse til Magnus, klippte eg likegodt ut 2 bukser. Her kan du sjå bilder av den eg sydde til Magnus, er veldig fornøgd med den, og vi brukar den masse :-)

Materiale:
Dongeri
Ribb
Glidelås
Skråband alt frå Stoff & Stil

Mønster:
Har tatt utgangspunkt i eit frå Ottobre design, og forandra litt på det.

Størrelse:
Ca. 74, kanskje ein litt smal modell.

Pris:
300 kr + porto (50 kr)

torsdag 3. februar 2011

Legopose

Har sydd nok ein legopose på bestilling :-) Denne gongen med turkis kanteband. Ca. 130 cm i diameter.

onsdag 2. februar 2011

Strikkepinneetui x 2

Har sydd 2 stk strikkepinneetui på bestilling. Litt spent på kva mottakaren synst om dei, men eg synst dei vart fine :-)



Materiale:
Trykt bomull (Åhlens)
Lett lin (Stoff & Stil)
Silkeband (Stoff & Stil)

Mønster:
Eige