onsdag 1. september 2010

Vognpose

Nora blir straks 3 år, og eg har fått tak i ei simo dukkevogn frå 1971 som ho har fått, og då måtte ho jo få ein vognpose til dukka og :-) Posen er sydd av lilla kordfløyel utanpå, og blomstra bomullsstoff inni, glidelåsar i sidene, trykknappar øverst på "lokket" og eit symerke på... Har sydd etter ein vognpose frå 1981 som eg brukte når eg var liten, og som Magnus skal bruke i vinter. Så no får dukka til Nora lik pose som lillebroren :-)



Her er originalen..

mandag 30. august 2010

Gardiner til køysenga

Har omsider fått sydd gardiner til køysenga til Andreas, så no har det blitt ei lita hole under der :-) Stoff frå IKEA.

søndag 29. august 2010

Redesigna sparkebukse

Magnus har fått seg ei knallgrøn sparkebukse, sydd av ein velour-kjole som eg fann på fretex ein gong...Den er skikkeleg mjuk og god :-) konvolutt-opning i halsen, og trykknappar på innsida av beina. Mønster er frå Ottobre, men eg har forandra litt på det..
Fargen vart litt snål på det nederste bildet, men ser no i alle fall korleis buksa ser ut.

torsdag 5. august 2010

Legoposar

Har sydd 2 stk legoposar på bestilling. Dongeri kanta med turkise skråband, og så fann eg nokre nye fine maljer på biltema :-) Synst dei vart ganske mykje finare enn dei eg har brukt før :-)

tirsdag 3. august 2010

Mei tai med sjalstroppar

Rett før ferien sydde eg ein mei tai med sjalstroppar. Den er sydd i lin, og har dongeri på baksida av panelet. Har laga mønster sjølv, men har funne inspirasjon på tettinntil.no. Synst den vart veldig god å bruke, og Magnus sov stort sett heile tida når han er oppi der :-) Her er vi på tur til stølen, elles har den blitt brukt mykje i ferien, både på fjell og i by..


Gjekk an å bruke som teppe og :-)

onsdag 21. juli 2010

Sommarbukse

Nora har fått seg sommarbukse :-) Vart akkurat ferdig før vi reiste på ferie.. Er sydd av eit retro dynetrekk, og etter mønster frå Stoff & Stil (som er litt forandra på). Litt hastverksarbeid sidan eg måtte bli ferdig i full fart, men synst den vart bra :-) trur Nora likte den og...

tirsdag 29. juni 2010

Legoposar

Fekk bestilling på 4 stk legoposar. Dongeri, kanta med mørkeblått skråband, og med raud snor i.

fredag 25. juni 2010

Veske

Veske sydd på bestilling. Ho som skal ha den ville helst ha heile veska i det stoffet på toppen, men det hadde eg ikkje nok til.. Men eg synst det vart fint å gjere det sånn som det her :-) hanken og sjølve veska er i dongeri, og det stoffet oppe er ein rest av nokre retro gardiner. Mønsteret er mitt eige. Eg synst veska vart skikkeleg fin, nesten synd at eg skal selge den..men kan jo alltids sy ei til meg sjølv og ;-)

torsdag 24. juni 2010

T-skjorte

Nora og Andreas ville gjerne ha fleire t-skjorter :-) og fekk velge i stoffa mine. Nora ville ha orange husvognstoff frå cethodesigns.no, og Andreas ville ha pingvinar frå stoff & stil, så då vart det det :-) Same mønsteret som eg har brukt før, frå Ottobre. Fekk ikkje tatt actionbilder før dei vart tatt i bruk..håpar at flekkane med blåbærsylte går vekk i vask...

mandag 21. juni 2010

Hue til Magnus

Sydde ei hue til Magnus av restestoff, Var litt usikker på størrelsen på mønsteret eg hadde liggande, så den vart litt stor... må nok vente eit par mnd med å bruke den...

søndag 13. juni 2010

Ugler og ubåtar..

Har sydd t-skjorter til Andreas og Nora. Stoff frå cethodesigns.no, og mønster frå ottobre.
Var 2 stk som var ganske fornøgde med dei nye t-skjortene sine :-)

fredag 11. juni 2010

Slynge

Har sydd ei slynge i lin. Kjennes veldig god ut å ha på, så vi kjem nok til å bruke den litt :-) veldig kjapt og greit, når ein berre skal bere litt, og det er greit å ha hendene fri :-) Var fornøgd han som var oppi og :-)

søndag 6. juni 2010

Sparkebukse med ubåtar til Magnus

Sparkebukse i ca str 56-62 trur eg, 2 sett med knappar på selane, så eg trur den kan vare ei stund. Mønster er frå "barnetøy du selv kan sy", og så har eg forandra litt på det... stoffet er frå cethodesigns.no, og brun ribb frå stoff & stil. Vart ganske fornøgd med den her, eit par småting eg vil forandre på til neste gong. Men buksa vart veldig mjuk og god å bevege seg i :-)
gjeeeesp...

fredag 4. juni 2010

Magnus

Her er Magnus, født 23/5. 4150 gram og 53 cm. Og heilt heimelaga ;-) Her ligg han i vogga 2 dagar gammal, og vi er akkurat kommt heim frå sjukehuset. Han har på seg hentesettet som eg strikka, og det blå teppet er det mamma som har strikka til han.
Her er hentesettet på, hadde visst ingen bra bilder med hua på. Er kanskje fordi den var litt lita...så eg må strikke ei ny...

fredag 21. mai 2010

Liten retro-pung

Ein liten pung, sydd av brun babycord, og restar av ein retroduk til for. Applikerte ein liten blomst av duken til pynt utanpå :-)

tirsdag 18. mai 2010

Redebygging 6: Hentesett :-)

Har omsider fått strikka ferdig hentesettet, og det var kanskje på tide... Mønster frå garnstudio. Actionbilder kjem snart :-) håpar eg...



lørdag 15. mai 2010

Ein liten pung...

Har sydd ein liten pung til å ha litt småtteri i. Sydd av litt restestoff, og fora med grøn polyester. Mønster frå "Tilda".

fredag 14. mai 2010

Redebygging 5: dynetrekk

Har sydd dynetrekk til lillebror :-) 65 x 80 cm. Stoffet er kjøpt på stoff og stil. Korga på bildet trur eg er 69 år gammal, mange som har brukt den før :-)

torsdag 6. mai 2010

Redebygging 4: body

Har sydd ape-body til lillebror, ca. str.56-62. Mønster frå Ottobre, og stoff frå stoff og stil.

søndag 2. mai 2010

t-skjorte med apemønster

Har prøvd meg på ei t-skjorte i bomullsjersey. Stoff frå stoff og stil, mønster frå ottobre. Synst den vart ganske bra :-)