fredag 29. oktober 2010

Legoposar

2 stk legoposar sydd på bestilling, ein med rosa kant og ein med turkis.

onsdag 27. oktober 2010

Solgt!

Har 1 stk. legopose til salgs. Skulle eigentleg bruke den til duploen vår, men den vart litt knapp til duplo.. Den er perfekt størrelse til vanleg lego :-) ca. 110 cm i diameter. Sydd i dongeri, og kanta med oransje skråband. Prisen er 300 kr. + evt. frakt.

tirsdag 26. oktober 2010

Lapp..

Her er aller siste bit av det grå interlock-stoffet med pingvinar brukt opp. Måtte berre blogge det ;-) Andreas har slete hol på buksekneet, så då vart det ein lapp av siste resten..

mandag 25. oktober 2010

Hue..

Har strikka meg hue til vinteren. Garn og oppskrift fann eg på sparkjøp; naturgarn. Trur det er omtrent det same som eskimo, men ganske mykje billegare ;-) litt uklart, men, men..

søndag 24. oktober 2010

Slynger

Har sydd eit par slynger, som eg skal gi vekk. Ganske enkle å bruke når ein berre skal bere litt. Sydd i svart bomull, ei slynge med grøne ringar, og ei med blå.



fredag 22. oktober 2010

Hjelmhue

Hjelmhue i str. ganske liten, kanskje 1-2 mnd? Sydd i grå ullfilt utanpå, og grå interlock med pingvinar på innsida. Kanta med skråband. Varm og god hue til vinteren :-)

torsdag 21. oktober 2010

"Ny" legopose

Legoposen vi hadde sjølv, var jo den første eg laga... og ganske mykje er forandra sidan då.
1: dei har blitt litt mindre ( den vi hadde var stooor).
2: ganske mykje tettare mellom maljene.
3: skråband rundt kanten, i staden for å prøve å få til å brette inn kantane fint...

Så eg klipte legoposen vår mindre, og sydde den sånn som eg lagar legoposane no. Og det vart jo mykje finare :-) Vart gult skråband på den her.
Synst den vart ganske så bra no, kanskje eg må lage ein til duploen og?

og her finn du bilde av den før eg forandra den..

onsdag 20. oktober 2010

Pingvinar til Andreas

Har sydd ei ny hue til Andreas. Monsterhua hadde litt knapp lengde, så har gjort mønsteret mitt litt lengre, og sydd ei ny hue. Vart grå pingvinar på den her, stoff frå stoff & stil. Var ein liten rest eg hadde liggande, så måtte ha eit anna stoff på innsida, og det var og ein rest eg hadde liggande. Kjekt å få brukt opp litt stoffrestar :-)

søndag 17. oktober 2010

Legopose..

1 stk. legopose sydd på bestilling. Ca. 110 cm i diameter, sydd i dongeri med turkis kanteband, og med mørkeblå snor.

torsdag 14. oktober 2010

Monster-Magnus :-)

Har prøvd meg på ei hjelmhue til Magnus. Sydd av restestoff, grå ullfilt utanpå, og fora med monster-interlock, kanta med skråband. Hua kan brukast på begge sider.

lørdag 9. oktober 2010

Legopose

Ein legopose til ei bursdagsjente... Ho ønska seg rosa lego, men det fann vi ikkje.. Så då vart det ein legopose med rosa kanteband i staden for.. Diameter ca 110 cm.

tirsdag 5. oktober 2010

Monster!

Andreas har fått seg hue og t-skjorte med monster på. Stoff frå Stoff & Stil, og same mønster som Nora si t-skjorte og hue, berre litt større...

mandag 4. oktober 2010

Lilla pingvinar..

Eller i alle fall pingvinar på lilla stoff.. T-skjorte og hue til Nora. Mønster til t-skjorta er frå Ottobre, og stoff frå Stoff & Stil. Etter å ha sett rundt på diverse bloggar, har eg laga mønsteret til hua sjølv..

onsdag 29. september 2010

Ullsokkar til Magnus

Det begynner å bli kaldt, så då måtte Magnus få seg eit par ullsokkar. Strikka på ganske tjukke pinnar, så det gjekk rimeleg fort. Og eg fekk brukt opp litt restegarn :-)

tirsdag 28. september 2010

Trekk til leikematte

Hadde ei sånn lite pen puslespel-matte av skumgummi (eller noko sånt), så sydde trekk til den, og så vart den mykje finare :-) Stoff frå Stoff & stil, brun bomull med kvite blomster.

fredag 24. september 2010

Øyredobbar

Laga eit par øyredobbar i kveld. Dei er trekt med silke. Synst dei vart ganske fine :-)

onsdag 22. september 2010

Reste-bukse..

Nora har fått seg ny dongeribukse, sydd av restestoff, kanta med raudt/rosa stoff på lommene og på beina nede. Mønsteret er eit ottobre-mønster som eg har forandra litt på. Strikk i livet, og snøring nede på beina.

lørdag 18. september 2010

Legoposar

2 stk legoposar klare for sending :-) Sydd på bestilling, ein med turkis kanteband rundt og ein med gult. Synst dei vart ganske friske og fine :-) (fargane vart ikkje heilt som dei skulle på bildet..)

Voksejakke

Magnus har fått seg strikkajakke. Mønsteret er voksejakke frå Nøstebarn, str. 0-1 år. Kan komme godt med no som hausten plutseleg kom...





torsdag 16. september 2010

Småtroll..

Sydde ei sparkebukse til Magnus for ei stund sidan. Vart ikkje heilt fornøgd, den vart litt trang i beina...men, men veit no kva som må forandrast på til neste gong.. Sydde ei ganske lik ei i mindre størrelse og ga vekk og, håpar den vart bedre passform på.
Stoffet er i alle fall frotte med troll på, frå cetho designs, og mønsteret er vel mitt eige.