tirsdag 29. juni 2010

Legoposar

Fekk bestilling på 4 stk legoposar. Dongeri, kanta med mørkeblått skråband, og med raud snor i.

fredag 25. juni 2010

Veske

Veske sydd på bestilling. Ho som skal ha den ville helst ha heile veska i det stoffet på toppen, men det hadde eg ikkje nok til.. Men eg synst det vart fint å gjere det sånn som det her :-) hanken og sjølve veska er i dongeri, og det stoffet oppe er ein rest av nokre retro gardiner. Mønsteret er mitt eige. Eg synst veska vart skikkeleg fin, nesten synd at eg skal selge den..men kan jo alltids sy ei til meg sjølv og ;-)

torsdag 24. juni 2010

T-skjorte

Nora og Andreas ville gjerne ha fleire t-skjorter :-) og fekk velge i stoffa mine. Nora ville ha orange husvognstoff frå cethodesigns.no, og Andreas ville ha pingvinar frå stoff & stil, så då vart det det :-) Same mønsteret som eg har brukt før, frå Ottobre. Fekk ikkje tatt actionbilder før dei vart tatt i bruk..håpar at flekkane med blåbærsylte går vekk i vask...

mandag 21. juni 2010

Hue til Magnus

Sydde ei hue til Magnus av restestoff, Var litt usikker på størrelsen på mønsteret eg hadde liggande, så den vart litt stor... må nok vente eit par mnd med å bruke den...

søndag 13. juni 2010

Ugler og ubåtar..

Har sydd t-skjorter til Andreas og Nora. Stoff frå cethodesigns.no, og mønster frå ottobre.
Var 2 stk som var ganske fornøgde med dei nye t-skjortene sine :-)

fredag 11. juni 2010

Slynge

Har sydd ei slynge i lin. Kjennes veldig god ut å ha på, så vi kjem nok til å bruke den litt :-) veldig kjapt og greit, når ein berre skal bere litt, og det er greit å ha hendene fri :-) Var fornøgd han som var oppi og :-)

søndag 6. juni 2010

Sparkebukse med ubåtar til Magnus

Sparkebukse i ca str 56-62 trur eg, 2 sett med knappar på selane, så eg trur den kan vare ei stund. Mønster er frå "barnetøy du selv kan sy", og så har eg forandra litt på det... stoffet er frå cethodesigns.no, og brun ribb frå stoff & stil. Vart ganske fornøgd med den her, eit par småting eg vil forandre på til neste gong. Men buksa vart veldig mjuk og god å bevege seg i :-)
gjeeeesp...

fredag 4. juni 2010

Magnus

Her er Magnus, født 23/5. 4150 gram og 53 cm. Og heilt heimelaga ;-) Her ligg han i vogga 2 dagar gammal, og vi er akkurat kommt heim frå sjukehuset. Han har på seg hentesettet som eg strikka, og det blå teppet er det mamma som har strikka til han.
Her er hentesettet på, hadde visst ingen bra bilder med hua på. Er kanskje fordi den var litt lita...så eg må strikke ei ny...

fredag 21. mai 2010

Liten retro-pung

Ein liten pung, sydd av brun babycord, og restar av ein retroduk til for. Applikerte ein liten blomst av duken til pynt utanpå :-)

tirsdag 18. mai 2010

Redebygging 6: Hentesett :-)

Har omsider fått strikka ferdig hentesettet, og det var kanskje på tide... Mønster frå garnstudio. Actionbilder kjem snart :-) håpar eg...



lørdag 15. mai 2010

Ein liten pung...

Har sydd ein liten pung til å ha litt småtteri i. Sydd av litt restestoff, og fora med grøn polyester. Mønster frå "Tilda".

fredag 14. mai 2010

Redebygging 5: dynetrekk

Har sydd dynetrekk til lillebror :-) 65 x 80 cm. Stoffet er kjøpt på stoff og stil. Korga på bildet trur eg er 69 år gammal, mange som har brukt den før :-)

torsdag 6. mai 2010

Redebygging 4: body

Har sydd ape-body til lillebror, ca. str.56-62. Mønster frå Ottobre, og stoff frå stoff og stil.

søndag 2. mai 2010

t-skjorte med apemønster

Har prøvd meg på ei t-skjorte i bomullsjersey. Stoff frå stoff og stil, mønster frå ottobre. Synst den vart ganske bra :-)

onsdag 28. april 2010

Redebygging 3: Sparkebukse

Har sydd sparkebukse til lillebror, ca str 50. Limegrønt stoff frå stoff og stil, mønster frå "barnetøy du selv kan sy", litt forandra på. Ser at eg har litt forbetringspotensiale på kantinga, så det blir nok bedre neste gong :-) Trur nok den her skal bli god og mjuk :-)

Redebygging 2: trekk til stellematta

Har sydd nytt trekk til stellematta frå Ikea. Voksduk frå stoff og stil.
Her ser ein betre mønsteret...

lørdag 17. april 2010

Bukse til Andreas

Har sydd ei bukse til Andreas av litt dongeri-restar. Vart ganske smal modell pga at eg ikkje hadde meir stoff enn det som var nødvendig... Men han som skal bruke den er jo ganske smal han og :-) Brun ribb øverst og nederst. Og monster-strykemerker frå stoff og stil, eit framme på låret og eit på rumpa.

Monster på rumpa, er litt meir turkis enn det som kjem fram på bildet.
Merkelappen vart festa i linninga. Var eit veldig enkelt mønster frå Ottobre, så buksa er berre i 2 delar :-) berre saumar på innsida av beina og skrittsaum. (og hadde sett litt teit ut med merkelapp på innsida av beinet...)
Var vanskeleg å få action-bilete i dag. Modellen hadde det så frykteleg travelt... Men ser no litt korleis buksa vart då...

torsdag 15. april 2010

Redebygging 1: klutar

Har begynt med litt redebygging her, kanskje på tide når det berre er ca. 5 veker til lillebroren kjem... Har i alle fall sydd klutar no. Kjøpte store gas-klutar på jysk, klipte opp og sydde sikksakk rundt kantane. Lyseblå kantar til ansikt og mørkeblå kantar til rumpe... Trur eg har tenkt kvar gong: "kvifor gidd eg det her"...men laga til dei 2 andre, så då må jo lillebroren få og ;-) og så går det jo eigentleg ganske fort, berre litt kjedeleg...

tirsdag 13. april 2010

Hue til Nora

Det vart plutseleg vår i år og...og då måtte Nora få seg ny hue... Denne er sydd i raud jersey, og pynta med eit par strykemerker frå stoff og stil. Synst den vart ganske bra til å vere ei prøve-hue utan mønster...

Endå ein legopose :-)

Ein til legopose, sydd på bestilling :-) Denne har raud snor og er kanta med mørkeblått skråband. Trur eg snart må finne på noko med alle dongeri-restane...