søndag 1. mai 2011

Vognpose til vår, sommar og haust...


Har lenge hatt planar om å sy ein pose til vår/sommar/haust, og no vart det plutseleg veldig varmt og fint :-) og då vart jo vinterposen veldig varm...

Så den her posen vart sydd i lin innerst, og svart dongeri ytterst og fora med ullvatt. Delbare glidelåsar i sidene, sånn at ein kan ta av toppen. Ein veldig lett og fin pose, som samtidig er varm nok sidan den er fora med ull :-)



Har laga den litt smalare øverst, sånn at det ikkje skal vere så lett for ein liten akrobat å lure foten over kanten ;-)



Posen i vogna. Overdelen går høgt opp når den er bretta heilt opp. Hemper i kanten oppe, som kan festast i knappar i sidene, sånn at ein kan velge å brette kanten opp eller ned.



Ein fornøgd lite kar :-)



Ein som er nesten klar for å sove. Litt rare fargar på bildet, men, men... Var utruleg vanskeleg å få til bra fargar med den lyseblå linen og svart dongeri...



Om ein tar av toppen, kan ein ha underdelen berre som sitteunderlag for å beskytte vogna.



Hol til 5-punktssele. Underdelen er laga smalare enn toppen, sånn at den skal passe bra i vogna om ein berre skal bruke den. (litt krøllete i sidene på bildet her, sidan den har blitt brukt litt før eg fekk somla meg til å ta bilder...)



Materiale:
-Lin (mjuk, god og sval) - lys petrol
-Dongeri (tåler litt) - svart
-Ullvatt (varmt og godt, men ikkje for varmt når det er varmt)
-2 stk glidelåsar - kvite

Mønster:
Eige

Størrelse:
Botn: Ca. 95 x 40 cm
Topp: Ca. 80 x 50 cm








1 kommentar: