tirsdag 17. mai 2011

17. mai og bunadar...


Håpar alle har hatt ein fin 17.mai! Det har i alle fall vi :-) sjølv om det tok litt av på slutten...etter mykje is, sukkerspinn og kaker ;-)

Bunadane Andreas og Nora har på seg, sydde eg for 3 år sidan, det er altså 4. gongen dei brukar bunadane. Bunaden Magnus har på seg er det Farmor som har sydd for mange år sidan (det høyrer til jakke og).



Fekk ikkje stilt dei opp og tatt fine bilder av dei i år... Her er i alle fall Andreas i sin bunad, vesten er bittelitt kort og buksa er heisa godt opp, så det ikkje blir skille mellom vest og bukse ;-)



Det bildet her var tatt i fjor, FØR vi stressa ut av huset for å gå i tog (eller nokre stressa ut for å gå i tog, og nokre stod igjen heime høggravid og kokte rømmegraut...)



Det bildet her er tatt for 3 år sidan, Andreas er her snart 3 år.



Det bildet her er og tatt for 3 år sidan, og Nora er 8 mnd! Synst det er godt gjort at bunaden passar fremdeles! Men hadde vore litt lur, så det gjekk an å legge ut både i sidene og på skuldrane og nede på vesten, og litt på skjørtet.

Men no er det ikkje meir å legge ut... Så til neste år, må eg nok til å sy nye...


Mønster:
Eige mønster på Nora sin. På Andreas sin hadde eg kjøpt eit mønster.

Materiale:
Trur det er polyester, dama i stoffbutikken anbefalte i alle fall det, så det skulle vere lett å vaske bunadane ;-)

2 kommentarer:

  1. Kor flink du e Inghild :)
    Fine onga i fine bunada :)

    SvarSlett
  2. Heisann!
    Eg fant denna flotte bloggen din via ein aen blogg. Masse fint og inspirerande for ei fersk syerske :o)

    Følger med deg videre :o)

    SvarSlett