mandag 16. mai 2011

Superenkle, gode og sunne rundstykker!


Sånne her hadde vi til frokost i går :-) Var ute og reiste forrige helg, og då måtte eg jo kjøpe meg eit blad :-) Vart det danske "Bolig Liv", mykje fint inni der :-) både ting og tang og mat...

Og dei rundstykka her var utruleg praktiske, enkle og gode! (og sunne!) Ein lagar dei om kvelden, og så hevar dei i kjøleskapet om natta, og så tar ein dei ut av kjøleskapet og puttar dei i ovnen, og så ferske rundstykker til frokost! :-)

Så her kjem oppskrifta :-) Veit ikkje om det er heilt lov, men den er jo oversatt til norsk...og litt forandra på oppskrifta, sidan eg ikkje fekk tak i alt...men i alle fall...

GROVE RUNDSTYKKER
12 stk

25 g gjær
2 dl vatn
1 dl skumma kulturmelk
2 ss olje
1 1/2 ts salt
125 g grovt rugmjøl
300 g fullkornskveitemjøl

1 egg til pensling
gresskarkjerner, sesamfrø eller noko anna til å strø på..

1. Rør gjæren ut i vatnet. Tilsett det andre.
2. Elt deigen til den er smidig, og bak ut med ein gong :-)
3.La rundstykka heve i kjøleskapet over natta, dekka med plast.
4. Om morgonen; pensle rundstykka med egg, og strø på frø. Steik i ca. 15 min på 225 grader.
(eg lot dei stå litt på kjøkkenbenken før eg steikte dei, for det hadde visst blitt litt kaldt i kjøleskapet...)

Dei her skal i alle fall eg lage til 17.mai frokosten :-) Til og med ungane likte dei (og dei et ikkje alt...) så lenge eg hugsar å lage nokre utan noko på toppen ;-) "Æ like ikke sånne me steina i ..."

2 kommentarer:

  1. ser så deilig ut! Og superenkelt! Skal prøvest. Takk for deling av oppskrift :)

    SvarSlett
  2. Nam !! De skal vi prøve ja :D
    Takk for at du dele oppskrift ; e helt sikkert Ok det altså..

    God 17 mai te dæ og familien !!

    SvarSlett