mandag 6. desember 2010

Vest til Magnus

Har strikka ein vest til Magnus, det har jo vore KALDT... og når eg var ferdig med vesten, så var det sjølvsagt blitt varmare ;-)
Mønster
Har tatt utgangspunkt i nøstebarn si babyundertrøye, men i staden for å strikke ribbestrikk har eg strikka ein slags flettestrikk, som eg kom over hos Pickles. Litt kjekt å prøve seg på noko nytt :-)

Materiale
New Zealand lambs wool frå 123knit.com (tilsvarar 2-tråds merinoull frå Nøstebarn, men mykje billegare ;-))

Størrelse
Er ganske tøyeleg. 6 mnd til 2 1/2 år kanskje? Den passa til Nora og, men kanskje litt knapp til ho..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar