mandag 28. februar 2011

Rispose og belgisk vaffel :-)

Fekk besøk i helga av ei med ein vond rygg... Så då sydde eg ein rispose i full fart, vart berre ferdig med innertrekket, men gjekk jo an å bruke fordi. Så i dag har eg sydd den heilt ferdig :-)

Sydd i lyseblå lin frå stoff & stil, og så har eg sydd på eit band til å knyte den saman med.

Heile risposen, måler ca. 15 x 60 cm, akkurat passeleg til å legge over nakken.

Og akkurat no set eg med ein god og varm rispose på nakken, og kosar meg med ein belgisk vaffel, som eg fann oppskrift på her. Utruleg mange gode og fristande oppskrifter på passionforbaking.com (bildet er lånt derifrå).



4 kommentarer:

  1. Åh, sånn pose har eg tenkt så mange gongar eg skal sy! -men eg har liksom tenkt å bruke kirsebærsteinar, for det skal liksom vere så bra... det er berre det at eg et altfor sjeldan kirsebær! ;)

    Brukar du vanleg ris?
    Held den lenge på varmen?

    Håpar du har ein fin dag!
    Klem

    SvarSlett
  2. Hei! Brukte jasminris.. Held ganske lenge på varmen synst eg, og så er det jo veldig kjapt å varme den opp igjen i mikroen ;-)

    SvarSlett
  3. Å, belgiske vafler er så godt! Sånne bestiller jeg gjerne neste gang jeg kommer på besøk. :) God helg! Klem fra Hege :)

    SvarSlett
  4. berre å komme på besøk det Hege ;-)

    SvarSlett